No bygger vi «Da Vinci-rommet»!

Endeleg kan vi dele dei store planane om kva som skal komme i det 215 kvm store lokalet i Torghallen, i Ålesund sentrum. Her skal det nemleg byggast eit fleirbruksrom for kunst for alle Ålesund kommune sine femteklassingar!

Verkstad da Vinci Prosjektmedarbeidar Trine Smoor Isaksen og Koordinator Mariann Bjørkavoll Lervåg - Klikk for stort bilete

Les meir om kunst og kultur i skolen.

Startskotet for byggeprosessen er 9. august, og rommet skal då forvandlast til eit bruksvenleg rom for kunst. Her skal det byggast eiga scene med lyd og lysutstyr, gode arbeidsbenkar, dansematter, eige leseområde og alt man treng for å kunne utfalde seg kreativt! Rommet skal bli fargerikt og innbydande, med berekraftige materialval og gjenbruk så langt det går. 

Det er Aggregat kunstnarfellesskap som leiar byggeprosessen av rommet, med midlar i frå Kulturdirektoratet, Kulturrom, Sparebanken Vest og Stiftinga Kjell Holm. 

- Dette er ei etterlengta satsing på kunstkompetanse og estetiske fag i skulen, og vi er glade for at både nasjonale og lokale aktørar bidreg til å opprette dette viktige rommet. Det har vore ein lang planleggingsperiode, og her har vi fått til mykje bra og strekt kronene i byggjeprosjektet så langt det er mogleg» fortel Trine Smoor Isaksen, dagleg leiar Aggregat.

Eit populært tilbod

Ålesund kommune har i samarbeid med Aggregat kunstnarfellesskap i perioden august 2021 til desember 2022 gjennomført pilotprosjektet Verkstad da Vinci, eit program for å styrke den kreative muskelen og dei estetiske læringsprosessane i grunnskulen. I 2023 vart det overgang frå pilot til drift, og kommunen driftar no prosjektet i samarbeid med Aggregat kunstnarfellesskap. Møre og Romsdal fylkeskommune og Sparebanken Møre er støttespelarar.

I løpet av neste skuleår skal altså alle dei om lag 800 femteklassingane i Ålesund kommune få komme på besøk til «Da Vinci-rommet». Her skal dei få treffe profesjonelle kunstnarar som skal jobbe saman med klassa i ulike kunstnariske prosessar. I oktober i år skal rommet både vere klart til preproduksjon for kunstnarane, og for å ta imot skulane. 

Første verkstad ut i rekka er «Rastlaus Stillheit – ein uvanleg duett», med kunstnarduoen Silvia Ilona Klatt og Tonje Aas Molnes. Kunstnarane sitt ønske med prosjektet er å arbeide fram rørsler og teikningar i improvisasjon og leik, der dansar Tonje sine rørsler blir fanga av Silvia på papir og lerret. Verkstaden utviklar seg vidare på golvet og i lufta, og blir ei interaktiv førestilling der elevane skal bli inspirerte til å jobbe med kunstformene sjølve. Kunstnarane ønsker å formidle sine kunstformer til barn og unge, slik at dei ser gleda i å bevege seg og teikne og måle.

- Vi gleder oss til å ta imot elevane i  dette flotte rommet. Det har vore overveldande god respons frå skulane, det ser vi på bestilling av verkstadane, og det har kanskje samanheng med den høge kvaliteten på desse. Kombinasjonen av at elevane både skal få sjå og oppleve kunstnarar i aksjon, samtidig som dei får skape og uttrykke noko sjølv, trur eg er avgjerande for ein lærerik og kjekk dag hos oss, seier Mariann Bjørkavoll Lervåg, ho er koordinator for Verkstad da Vinci.

Startskot i august

Allereie 17. august er alle lærarane som jobbar med femtetrinnet i Ålesund kommune invitert til kursdag hjå Verkstad da Vinci. Då vert det synfaring i rommet, innblikk i metodikken og ein får treffe nokre av kunstnarane som har arbeidd i prosjektet.

Så nær som alle skulane i kommunen har meldt seg på verkstadane for det komande skuleåret, og første elevbesøk i rommet er altså i midten av oktober.

- Med Da Vinci-rommet får vi et unikt tilbud til alle elevar på 5. trinnet i Ålesund kommune. Dei fleste av framtidas yrker er ikkje «funne opp» og kreativitet er kanskje den viktigste kompetansen vi kan gi barna våre. Vi gler oss til å ta i mot elevar og lærarar i eit rom fylt av skapende kraft, og til å vere med i spennende kreative prosesser i møte med kunstnerne, avsluttar kultursjef Oskar Skulstad.