TikTok er eit videobasert sosialt nettsamfunn som er kinesisk og Telegram er ein meldingsteneste.
Bakgrunnen for restriksjonane er at Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM) har gjort ei vurdering av appane med følgande anbefaling: «NSM vurderer at TikTok eller Telegram ikke bør installeres på offentlig ansattes tjenesteenheter som er tilknyttet virksomhetens interne digitale infrastruktur eller tjenester.» Les heile vurderinga her: Anbefaler ikke Tiktok eller Telegram på tjenesteenheter - Nasjonal sikkerhetsmyndighet (nsm.no)
Dette er ei sterk fagleg anbefaling frå NSM, og det fell naturleg for oss at Ålesund kommune følgjer slike anbefalingar i sikkerheitsarbeidet vårt. God informasjonssikring er svært viktig for oss, både for å kunne sikre dei kommunale tenestene, og for å sikre forsvarleg handtering av informasjon om innbyggarane våre. Vi har krav på oss om å sikre tenestene og informasjonen vi handterer etter fleire ulike regelverk, bl.a. personopplysningsloven. I sikkerheitsarbeidet vårt må vi også ta innover oss at vi er under ein forverra sikkerheitspolitisk situasjon.
Etter drøfting med dei tilsette er det følgande vedteke:
1. Applikasjonane TikTok og Telegram skal ikkje installerast på mobilar, nettbrett og datamaskiner eigd av Ålesund kommune. Dersom applikasjonane er installert i dag, skal de avinstallerast.
2. Applikasjonane TikTok eller Telegram skal heller ikkje installerast på private mobilar, nettbrett og datamaskiner som har tilgang til kommunens interne digitale infrastruktur eller tenester, eksempelvis gjennom bruk av kommunens epost. Kommunens appar for reiserekning, timeregistrering og autentisering kan brukas sjølv om ein har TikTok eller Telegram installert.
3. Tilsette i Ålesund kommune skal normalt ikkje bruke TikTok eller Telegram i tenesta. Etter dialog med informasjonssikkerheitsansvarleg og etter ei konkret vurdering av behov og risiko, kan bruk i nokon tilfelle aksepterast. Slik bruk skal skje frå utstyr som ikkje har tilgang til kommunens interne infrastruktur.
Vi vil også vurdere sterkare kontroll med alle mobilar og nettbrett som får tilgang til dei interne systema våre. Ein vil her arbeide saman med arbeidstakarorganisasjonane.
Denne endringa er ein å rekne som ein del av reglane for bruk av IKT i kommunen, og skal følgjast av alle tilsette. Endringa gjeld ikkje elevar i kommunens skular. Det vil bli tatt stilling til om desse reglane også skal gjelde for politikarane i kommunen.