Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Nei, kommunen har ikkje brukt 57 millionar kroner på koronatiltak

Sunnmørsposten skriv på sine nettsider 26. mars at Ålesund kommune har hatt utgifter på over 57 millionar kroner på koronakrisa. Dette er ikkje rett. Tala har avisa henta frå ein rapportering til Fylkesmannen i Møre og Romsdal 16. april.Klikk for stort bilde 

I starten av april fekk kommunen beskjed om å rapportere inn kva påverknad koronakrisa hadde, og kunne få for kommuneøkonomien framover. Vi leverte eit grovt estimat for mars, og kva vi venta i april. Måten Sunnmørsposten har nytta tala på gir ei grov feilframstilling av situasjonen, seier økonomisjef i Ålesund kommune, Lars Fylling.

I oversikta i avisa skal Ålesund kommune hatt utgifter på 57 millionar kroner. 

For det første er det ikkje snakk om berre utgifter. Men også tapte inntekter og verdireduksjonar på finansplasseringar. I reknestykket er det heller ikkje tatt høgde for dei kompensasjonane som kommunen får frå regjeringa, seier Fylling.

Fylling seier vidare at Fylkesmannen ba om eit overslag over konsekvensane av koronakrisa, og at det har vore opp til kvar enkelt kommune å definere korleis ein skal rekne ut tala. Gjennom deltaking i eit nettverk for større bykommunar har Ålesund kommune fått eit visst innblikk i kva vurderingar einskilde andre kommunar har gjort, og vi har langt på veg gjort oss dei same erfaringane som det andre kommunar det er naturleg å samanlikne seg med, har gjort seg. 

Tala kan forklarast slik:

Totalt har Ålesund rapportert inn eit avvik på 78 millionar kroner for mars og april.  Det aller meste av dette er frå mars.

Klikk for stort bildeLars Fylling er økonomisjef i Ålesund kommune.I oversikta til Fylkesmannen har Ålesund kommune rapportert inn ein verdireduksjon på finansporteføljen per 1. april på 50 millionar kroner.

Allereie ved utgangen av april har situasjonen betra seg, og verdireduksjonen per i dag, er på om lag 20 millionar kroner. Dette er langsiktige plasseringar i ulike marknader, der verdiane heilt naturleg vil svinge. Historisk har kommunen hatt god avkastning på sine plasseringar, men det kan òg komme år der ein får ei negativ verdiutvikling. 

Barnehagar og SFO

Vidar estimerte  kommunen tidleg i april  eit tap i inntekter frå foreldrebetaling i barnehagane og SFO på 4.8 millionar kroner. I tillegg er kommunen pliktig til å dekke tapa til dei private barnehagane, estimert til cirka 4.2 millionar kroner.  Det gir eit samla minus på 9 millionar kroner berre for barnehagane. Men staten har varsla at dei vil dekke desse kostandane.

Skatt

Kommunen har estimert tapte skatteinntekter på om lag fem million kroner for mars og april.  I tillegg til 650.000 kroner i tapte inntekter, mellom anna frå parkering.

Kommunen har hatt ekstrautgifter innan fleire tenestområder. Dei største ekstrakostnadane er estimert til å vere innan helse og omsorg, der ein har hatt ekstrakostnadar både knytt til personell og til utstyr. 

Då kommunen rapporterte til fylkesmannen, vart det levert eit estimat på følgande utgifter.

  • Sosialhjelp: 250.000.-
  • Barnevern: 71.000.-
  • Legetenester: 20.000.-
  • Helse og omsorg, personellutgifter: 538.000.-
  • Helse og omsorg, utstyr: 700.000.-
  • Reinhald: 4000.-

Kommunen kjem tilbake med dei faktiske utgiftene i ein rapport seinare.

I tillegg har kommunen ekstrautgifter knytta til ulike innkjøp som følge av svekka kronekurs, estimert til å utgjere om lag 1.2 millionar kroner. Mellom anna til kjøp av smittevernutstyr.

Situasjonen har endra seg sidan rapporten vart levert 16. april. Verdiane på våre finansplasseringar har utvikla seg svært positivt, og Stortinget har vedteke fleire krisetiltak som vil hjelpe kommunane, seier Fylling.   

Meir pengar frå staten

Ålesund kommune har òg fått 44 millionar i auka rammetilskot frå staten for å bøte på tapte inntekter og auka utgifter. I tillegg har kommunen fått eit skjønnstilskot på 4.9 million kroner. Det er òg varsla at staten vil dekke tapte inntekter frå barnehagar og SFO på til saman 12.5 million kroner.

-Den største usikkerheita i tida framover, er skatteinntektene. Vi veit ennå ikkje kor store tap vi må ta der i forhold til venta inntekter i 2020. Det veit vi meir om mot slutten av året ,seier Fylling.

Regjeringa ventar at kommunane taper 1.1 prosent av skatteinntektene i 2020. Dette utgjer 23 millionar kroner for Ålesund i 2020. 

Samstundes kryp den flytande renta på kommunen sine lån ned, og dette er venta å gi reduserte rentekostnadar på om lag 7-8 millionar kroner om renta blir uendra ut året.
 
 

Til toppen