Kommuneutval Haram har ID-huset som møtestad
Jon Åge Giske Andersen
Møtestad var som vanleg ID-huset for kommuneutval Haram, og formannskapssalen for kommuneutval Ålesund.
I Ålesund starta møtet med orientering frå Kari Grindvik, om arbeidet oppgåveutvalet har gjort med ny styringsmodell. Begge utvala fekk også orientering frå prosjektleiar for dei respektive nye kommunane.
Eitt år til for barnehage på Longva
Kommuneutval Haram hadde oppe sak om barnehage på Longva, til uttale. Dette var tidlegare ein privat barnehage som la ned drifta i 2020. Sidan då har kommunen hatt ein midlertidig leigeavtale med eigarstyret, for å sikre tilstrekkeleg barnehagedekning i området. Utvalet fekk komme med si tilråing, før saka skal vidare til formannskapet.
Utvalet tilrådde å halde fram med dagens ordning i eitt år til. Utvalet ønskte å gi den nye kommunen tid til å sjå det samla behovet etter delinga er ferdigstilt.
Usemje om NAV
Etter at NAV Møre og Romsdal kom med ny informasjon om korleis tenestetilbodet vert påverka av samarbeidsspørsmålet, kom dei to utvala til ulike konklusjonar.
Spørsmålet var om kommunedirektøren skulle greie ut saka på nytt, i lys av den nye informasjonen.
I Haram ønskte ein ikkje å sjå på saka på nytt, og ville halde fast ved kommunestyrevedtaket om eiga NAV-teneste i Haram 2024.
I Ålesund ønskte utvalet ei grundigare utgreiing i lys av den nye informasjonen.
Ved ulike vedtak i dei to utvala vil saka gå tilbake til kommunedirektøren, som no må ta stilling til saka.
Kommuneutval Ålesund har formannskapssalen som møtestad
Jon Åge Giske Andersen
Meir informasjon
Vil du ha full oversikt over møta?
Møteprotokoll vert lagt ut i Innsyn.
Opptak frå møta ligg ute på KommuneTV.