Møte i kommunestyret 16. juni

Møte i kommunestyret 16. juni

talerstol i bystyresalen i Ålesund  - Klikk for stort bilete Peder Pttp Dybvik Torsdag 16. juni er det kommunestyremøte. Sjå kva saker som skal opp, og finn lenke til saksdokument og direktesending for møtet. Kommunedeling er ei sentral sak på saklista.

Møtet i kommunestyret kl. 14.00 torsdag er i bystyresalen i Ålesund rådhus. Møtet er ope for publikum og presse, men kan òg følgast direkte via kommunen si Facebookside eller via Kommune-TV.

Først blir det ei orientering om kulturskulen, den kulturelle skulesekken og Da Vinci-rommet ved Gro Dalen og Trine Smoor Isaksen.

Kommunedeling, avløp og rekneskap

Kommunedeling er tema for fleire av sakene i kommunestyret denne gongen:

  • Deling av Ålesund kommune - oppnemning av politiske utval
  • Kommunedeling - namn på nye kommunar og fastsetting av tal på kommunestyremedlemmer
  • Innspel til forskrift om deling av Ålesund kommune - godkjenning
  • Kostnader ved kommunedeling - fullmakt til kommunedirektør

Kvasnes avløpsreinseanlegg - vurdering av alternative utsleppspunkt, er ei av dei andre sakene som står på lista i tillegg til mange saker som gjeld årsmelding og rekneskap for kommunale føretak. 

Sjå saksdokument og sending direkte på Kommune-TV

 

Alle saksdokument til møtet kan du sjå på Innsyn

Til toppen