Innsyn er oppe igjen

Postlister, møteplan og Innsyn er nå tilgjengeleg igjen. Dei tekniske feila er retta. 

Siste nytt

Møte i Ålesund kommunestyre i dag

Foto frå fyrste kommunestyremøte i nye Ålesund kommune - Klikk for stort bildeFoto frå fyrste kommunestyremøte i nye Ålesund kommune Peder Otto Dybvik Frå kl. 14.00 er det møte i Ålesund kommunestyre. På sakskartet står blant anna parkeringsanlegg på Volsdalsneset og fjernmøte i folkevalde organ.  Innsynsløysinga vår er midlertidig nede, sakspapir til møtet finn du i denne saka. Møtet blir sendt direkte på Kommune-tv! 

Møtet startar med presentasjonar ca kl. 14.15-15.00:

  • Universitetskommunesamarbeidet, ved kommunedirektør Astrid Eidsvik og viserektor Annik Magerholm Fet ved NTNU i Ålesund.

    Deretter vil følgande saker bli behandla, med korte innleiingar på kvar sak:
  • 168/20 Klagebehandling av godkjent detaljplan næringsområde på Håneset- Haramsøy innleiing av kommuneadvokat Kristin Otterlei. Det er ettersendt eit notat frå kommuneadvokaten på denne saka.
  • 169/20 Eigarskapsmelding - orientering om status i arbeidet - innleiing av assisterande kommunedirektør Bente Glomset Vikhagen

 

På sakslista til dagens møte er blant anna: 

  • Fjernmøte i folkevalde organ etter kommunelova § 11-7
  • Evaluering av prosjektet frå leige til eige
  • Parkeringsanlegg Volsdalsneset - Bortfeste av tomt
  • Godkjenning av ny samarbeidsavtale Ålesund kommune og Sunnmøre Friluftsråd
  • Tilskot til ombygging av eksisterande museumsanlegg i Borgundgavla
  • Retningsliner for tilsyn med sal av tobakksvarer, irekna sanksjonar ved brot på regelverket
  • Transporttenester til og frå dagtilbod og vekstbedrifter i regi av kommunen

 

Sjå møte i Kommune-TV

 

Du kan óg gå direkte til Kommune-TV og sjå sendinga der. 

 

Sakspapir til møte

Postlister og møteplan er mellombels utilgjengeleg på grunn av teknisk feil. Kontakt dokumentsenteret på postmottak@alesund.kommune.no om du har spørsmål. Sakspapir til dagens møte finn du i pdf-format under her: 

Til toppen