Innsyn er oppe igjen

Postlister, møteplan og Innsyn er nå tilgjengeleg igjen. Dei tekniske feila er retta. 

Siste nytt

Midgardsormen i Borgundfjorden

3 gamle vassleidningar - kvar på  1,2 km, skal fjernast frå sjøen mellom Volsdalsberga og Slinningsodden. Arbeidet startar onsdag 14. oktober.  

Klikk for stort bildeBorgundfjorden 2006 

Hevinga av dei gamle leidningane startar onsdag og vil vere godt synleg frå land med fleire båtar som arbeider med å dele sjøleidningane i mindre bitar og fjerne dei. Det er ikkje daglegdags at gamle leidningar blir fjerna slik, seier avdelingsleiar for prosjektering og utbygging i Ålesund kommune, Karsten Almås:

-  Vanlegvis blir slike leidningar liggande og dei nye blir lagt ned ved sidan av, men å fjerne dei er viktig i eit miljøperspektiv. Ålesund kommune var den første kommunen i landet som valde FNs berekraftsmål 14 Livet under vatn som sitt spesielle fokus. Dette er eit ledd i arbeidet med å sette berekraft på dagsordenen i den daglege drifta av kommunen.

Leidningane skal fjernast fordi to av dei har vore ute av drift og fordi den tredje har for liten kapasitet og skal fasast ut.

-  I tillegg er dei to minste leidningane senka ved hjelp av blylodd. Det er bra for miljøet å fjerne både plasten og blylodda – og rydde grunnen for ei ny leidning, seier han.

I første omgang er det dei to leidningane som er ute av drift som skal hevast. Den tredje skal mellombels forsyne ytre del av Volsdalsberga i omlag 14 dagar til. Det er nødvendig at den er i drift på grunn av den stortstilte utbygginga og omlegginga av kommunale leidningar i området rundt Color Line stadion. Denne utbygginga vil gå langt inn i 2021.

Når omlegginga av vassleidninga ved Sjømannsvegen 17 er ferdig, kan den siste sjøleidninga koplast frå og hevast.

Korleis

Arbeidet med dei to første leidningane startar mest sannsynleg ved Slinningsodden ved at dykkarar går ned og kappar leidningane i endane. Så pumpar dei inn luft som hever leidningane, båtar dreier dei mot Volsdalsberga, leidningane blir kappa i høveleg lengder og dradd på land der dei blir sende til gjenvinning.

Det er Asplan Viak som saman med Ålesund kommune leiar arbeidet. Entreprenøren er O.E. Hagen frå Stryn og det vil bli brukt 6-7 båtar til hjelp for dykking, heving, kapping, transport og til vaktbåt. På land er Busengdal AS engasjert som underentreprenør.

Nødvendig varsling er gitt til Ålesund Havnevesen, Langevågsbåten og kabeletaten Mørenett og operasjonen vil være lite til hinder for trafikk.

Ny sjøleidning

Ei ny og større sjøleidning blir i desse dagar sveist saman på Slinningsodden. Denne skal ut i sjøen i november og vil trygge vassleveransen til Hessøya. Vatn til Hessøya går no i hovudsak via ei sjøleidning mellom Kvennaneset og Kleivane og ei over Steinvågbrua.

Klikk for stort bilde 

Til toppen