Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Markerer "Kva er viktig for deg?-dagen" med webinar

Klikk for stort bildeKvifor har vi dette fokuset å «Kva er viktig for deg? – dagen»? Kvifor har vi ein eigen dag med dette temaet? Det er fordi at temaet er viktig for alle, sjølv om ein vanlegvis ikkje går rundt og tenker på kva som er viktig for den einskilde sånn til kvardags. Vi inviterer til webinar 9. juni

Vi ønsker å markere dagen på ein ny måte gjennom eit webinar etter ein vår som har vore prega av pandemi. Vi håper å nå ut til fleire mennesker med eit viktig bodskap og eit godt program.

Kvifor markere ein slik dag?

Det kan tenkast at fleire av oss har blitt utfordra no i denne koronavåren, der vi har blitt merksam på sakn etter til dømes den vanlege kvardagen vår. Ein har slik sett kanskje blitt meir merksam på kva det er som er viktig, noko som kan ha ført til ei auka merksemd mot temaet.

Forsking viser at brukarstemma må bli endå tydelegare og få større plass i helsetenesta. Pasientmedverknad blir grunngitt ut frå demokratiske verdiar, helsepolitiske føringar og juridiske rettar. Det er grunna til å tru at pasientmedverknad vil gi meir nøgde pasientar, betre samhandling mellom helsepersonell og pasientar, styrka meistring av sjukdomar, auka pasienttryggleik og eit meir treffsikkert tenestilbod som er tilpassa den einskilde.

«Det jeg erfarer verden rundt når mennesker stopper og stiller dette spørsmålet, er at det forandrer hvordan vi ser på hverandre. Det skaper en dypere mening både for pasienter og helsepersonell».
Maureen Bisognano

Sjå program og bli med på webinaret 

Bli med oss på sending  som  går  LIVE  tysdag  9.  juni kl. 13:00 – 15:00, med innlegg om forskning, der brukaren og pårørande si stemme blir tydelig og ein vil dele erfaringar.

Detaljert program og lenke til deltaking finn du her: facebook.com/helsemoreogromsdal/

Webinaret vil bli åpent for alle!
 

Til toppen