Manglande avløpsreinsing forseinkar plan- og byggesaker  

Manglande avløpsreinsing forseinkar plan- og byggesaker  

I dialog med Statsforvaltaren setter Ålesund kommune i verk tiltak for å ikkje gjere avløpssituasjon i kommunen verre. Det kan få betydning for deg med eit byggeprosjekt. 

Kart og linjal - Klikk for stort bilete Marit Brunstad / Sponland Foto

 

I mai 2020 sendte Miljødirektoratet ut eit skriv til alle Statsforvaltarane i landet. I skrivet vart dei oppmoda om å ta i bruk motsegn i plan- og byggesaker i område der reinseanlegg ikkje oppfyller reinsekrava etter forureiningslova. 

I september 2021 gjennomførte Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tilsyn for å kontrollere om Ålesund kommune klarer å følgje forureiningsregelverket knytt til avløp. Her kom det fram at Ålesund kommune har fleire reinseanlegg som ikkje oppfyller reinsekrava. Det var derfor eit møte mellom Ålesund kommune og Statsforvaltaren 26.04.2022 om avløpssituasjonen i kommunen.  

Møtet var ei oppfølging av tilsynet og Statsforvaltaren varsla tiltak for å sikre at kommunen utbetrar avløpsanlegg(a) som ikkje oppfyller reinsekrava. Det blei drøfta korleis kommunen skal handtere planar og søknadar om utbygging i desse områda fram til anlegg(a) oppfyller reinsekrava. Konklusjonen er at kommunen må avgrense utbygging i områder der avløpsreinseanlegg(a) ikkje overheld reinsekrava - fram til ein god plan føreligg.  

Kommunen har fått frist til 17.06.2022 med å tidfeste tiltak for at avløpsreinseanlegg(a) ikkje bryt forureiningslova.  

Kva betydning har dette for ditt byggeprosjekt? 

I ei byggesak må det ligge føre tilfredsstillande dokumentasjon på at avløpet frå bygget blir behandla i samsvar med forureiningsregelverket. Derfor får avløpssituasjon i kommunen konsekvensar for deg som har eit byggeprosjekt. 

Nye utbyggingsprosjekt som gir auka utslepp, vil bli behandla, men det vil dessverre ikkje bli sendt ut vedtak før situasjonen er meir avklart. Dette gjeld søknadar som er sendt inn til kommunen etter 26.04.2022, og gjeld både bustadformål og næringsformål.  

Det kan derfor vere saker som ikkje vil bli handsama innan 12 veker - slik lova sei. Dei det gjeld vil få eit brev frå kommunen. 

Søknader som kom inn før, og til og med, 26.04.2022 vil ikkje vere påverka av dette. Byggesøknader som ikkje vil auke avløpsmengda frå eigedomen, som til dømes naust, garasjar, tilbygg som ikkje inneheld eiga bueining og liknande vil heller ikkje vere påverka. 

Avløpssituasjonen vil også bli eit tema i reguleringsplanarbeid. Planomtalen må omtale status, og greie ut planlagde avbøtande tiltak for avløpssituasjonen.  

Til toppen