Ordførar Eva Vinje Aurdal og leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge
Laurdag fekk ordførar Eva Vinje Aurdal tildelt Målblome av Mållaget som takk for hennar viktige arbeid for nynorsken i Ålesund.
– Aurdal har bidrege til å auke statusen til nynorsken, løfta han fram og gjort det litt enklare å vere nynorskbrukar i ein kvardag dominert av bokmålet, sa mållagsleiaren, under utdelinga på vårseminaret til Noregs Mållag, der Eva Vinje Aurdal fekk ståande applaus.
– Nynorsken har vind i segla i fleire av dei største byane i Noreg. Det har vi sett i både Bergen, Oslo og Stavanger dei siste åra. Eva Vinje Aurdal opna vindauga og let vinden blåse inn også på rådhuset i Ålesund, sa Hauge.
Under utdelinga framheva Aurdal kor viktig likestillinga mellom språka er.
– Skal nynorsk bli likestilt med bokmål må vi bade i språket. Det er rettferdig, sa ordføraren.