Siste nytt

Lokale koronatiltak gjeld óg for besøkande i kommunen

Illustrasjon av koronaviruset - Klikk for stort bileteIllustrasjon av koronavirusetI Ålesund har vi lokale koronatiltak. Det betyr at du ikkje kan besøke kommunen vår om du har koronasmitte i heimen, sjølv om du ikkje bur i Ålesund. Då må du dessverre utsetje besøket ditt, for vi har karanteneplikt for dei som har smitte i heimen. Det gjeld også dei som vil besøke oss.

Om du bur i Ålesund, kan du heller ikke ta imot besøk om nokon du bur saman med eller er kjærast med er koronasmitta - då har du plikt til å gå i karantene.

I Ålesund har vi det også slik no at om du skal på kjøpesenter, butikk eller reiser kollektivt må du bruke munnbind om du ikkje kan halde ein meters avstand.
 

Jugendfest i helga

Vi skal ta kvardagen meir tilbake. I morgon er det Jugendfest og mange skal samlast. Å delta på arrangement er frivilleg, og noko du kan velje vekk for å unngå smitte. Du har sjølv eit ansvar!

Kommunen har vurdert at det er vanskeleg å ha påbod om munnbind der folk skal innta mat eller drikke. Men - er du sjuk må du halde deg heime. Bruk gjerne munnbind sjølv om det ikkje er påbod på Jugendfest. Ha ei fin og trygg konserthelg! 
 

Lenker til meir informasjon: 

Nettsak om lokal forskrift i Ålesund og Sula

Våre samlesider om korona 

Sjå film med kommunedirektør Jon Steven Hasseldal om smittevern og korona: 

Til toppen