Siste nytt

Lokal forskrift om karantene blir vidareført

Den lokale forskrifta om at barn og unge under 18 år og elevar i vidaregåande skule skal i karantene blir vidareført i Ålesund, Sula og Giske. Forskrifta gjeld fram til onsdag 12. januar 2022 klokka 12.00.Koronavirus - illustrasjon - Klikk for stort bilete Shutterstock  

[Oppdatert: Denne forskrifta blir oppheva 12.01.2022 kl 12.00.]

Karantenereglane i Ålesund, Sula og Giske skal gjeld framleis for personar under 18 år og elevar i vidaregåande skule, og som ikkje er husstandsmedlem eller tilsvarande nære. 

- Målet er å dempe og utsette smittespreiinga i barnehage, grunnskulen og i dei vidaregåande skulane . Kriseleiinga i dei tre kommunane vurderer at tiltaket vil hjelpe til å redusere risikoen for at desse vil måtte stenge ned, seier kommuneoverlege i Ålesund kommune, Alexander Wiig.

Han legg også til at den lokale forskrifta endrar ikkje regelen om at tilsette i barnehage, skule og SFO er unntatt smittekarantene i arbeidstida.

Meir informasjon om nasjonale råd og reglar.

Meir om vaksinasjonen i Ålesund kommune.

Smitta aukar

Forskrifta blir vidareført fordi det er stigande smittetal i Ålesundsregionen, spesielt ein auke i omikrontilfelle.

- For siste rapporteringsperiode, veke 52, vart det i Ålesund påvist ei dobling i smittetilfelle frå uka før, og det er omikron som no dominerer. Gjennom juleferien har vi registrert ein rask auke, trass i låg testaktivitet. Vi ser at stigninga vil halde fram og vi hadde måndag 3. januar det høgaste registrerte dagssmittetalet i pandemien, med 92 nye positive, fortel Wiig.

Forlenging av lokal forskrift trer i kraft frå onsdag 5. januar klokka 12.00: Førebels forskrift om tiltak for å førebygge koronasmitte (covid-19), Ålesund kommune, Møre og Romsdal - Lovdata

Førebels forskrift om tiltak for å førebygge koronasmitte (covid-19), Ålesund kommune, Møre og Romsdal

Heimel: Fastsett av kriseleiinga i Ålesund kommune 15. desember 2021 med heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer § 4-1 i samsvar med krisefullmakt frå Ålesund kommunestyre til kriseleiinga i sak 57/19.

§ 1.Formål

Formålet med forskrifta er å avgrense spreiing av SARS-CoV-2 i ein periode med sterk auke i smittetal i lokalsamfunnet, og slik sikre forsvarleg kapasitet i kommunale helsetenester.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld for alle som oppheld seg i Ålesund kommune.

§ 3.Forhold til anna lovverk

Reguleringa i dette vedtaket kjem i tillegg til dei reguleringar som følge av lov, nasjonale forskrifter og andre lokalt fastsette tiltak mot smitte. Ved motstrid mellom denne forskrift og nasjonalt regelverk, går forskrifta framfor fråvikelege reglar i lov og nasjonal forskrift.

§ 4.Smittekarantene for personar under 18 år og elevar i vidaregåande skule

Karantenereglane i covid-19-forskriften § 4i skal også gjelde for personar under 18 år og elevar i vidaregåande skule, og som ikkje er husstandsmedlem eller tilsvarande nære. Det betyr at unntak frå karantene i covid-19 forskriften § 4i, 4. ledd bokstav c for personer under 18 år og elevar i vidaregående skule, og som ikkje er husstandsmedlem eller tilsvarande nære, ikkje gjeld i Ålesund kommune.

§ 5.Ansvar

Ålesund kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagde tiltak.

§ 6.Straff

Forsettleg eller grovt aktlaus brot på reglane i denne forskrifta, straffast med bøter eller fengsel inntil 6 månader jf. smittevernloven § 8-1.

§ 7.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft onsdag 15. desember 2021 kl. 13.30, og gjeld fram til onsdag 12. januar 2022 kl. 12.00.

Til toppen