Løfte om eit løft!

Løfte om eit løft!

Ålesund vil saman med 11 kommunar og tre fylkeskommunar vere pådrivar for berekraftig utvikling lokalt og globalt.Logo. En sirkulær figur og teksten Bærekraftsnettverket - Klikk for stort bilete  

Tolv kommunar og tre fylkeskommunar har forplikta seg til å gjere FNs berekraftsmål til sine. Tysdag 26. mai blei Bærekraftnettverket konstituert med Asker, Bærum, Trondheim, Rana, Ålesund, Bodø, Haugesund, Karmøy, Kristiansand, Kristiansund, Molde og Stavanger kommunar og Møre og Romsdal, Trøndelag og Viken fylkeskommunar.

- Kommunane spelar ei nøkkelrolle i arbeidet med å nå berekraftmåla. Vi har ikkje verken tid eller ressursar til å gjere denne jobben kvar for oss, seier ordførar i Ålesund Eva Vinje Aurdal.

KS støttar aktivt opp om kommunesektoren sitt berekraftsarbeid

- Berekraftmåla er aktuelle i alle delar av kommunesektoren sitt arbeid. FNs generalsekretær har sjølv uttalt at vi ikkje når berekraftsmåla utan lokal innsats. Det er difor veldig viktig at så mange kommunar og fylkeskommunar no går foran og viser veg, seier styreleiar i KS Bjørn Arild Gram.

Regjeringa har bestemt at FNs 17 berekraftsmål skal danne grunnlaget for berekraftig samfunnsutvikling i Noreg. Kommunesektoren har tatt sin del av ansvaret. I februar 2020 blei det etablert eit samarbeid for å raskare nå FNs berekraftsmål. Samarbeidet fekk namnet “Bærekraftsløftet”, og inkluderer også næringslivet og akademia.

- Bærekraftsløftet er både eit løfte og eit løft. Det innehold ei forplikting til lokal innsats for å oppfylle berekraftsmåla, men også ei erkjenning av at eit slikt løft ikkje mogleg å få til utan eit tett og godt samarbeid mellom alle samfunnsaktørar i ein nasjonal og global dugnad seier kommunedirektør i Asker, Lars Bjerke. Han har leia den konstituerte styringsgruppa fram til den formelle styringsgruppa blir vald 26. mai.

Bærekraftsnettverket vil samarbeide nasjonalt, og handle lokalt. Nettverksarbeidet vil bli synleg gjennom lokale utviklingsprosjekt, involvering av innbyggarar, samarbeid med næringslivet og lokale prioriteringar som set sosial, økonomisk og miljømessig berekraft høgare på dagsorden.  

Grunnlaget for Bærekraftsnettverket har vore Stavangererklæringa frå 2019 der fleire kommunar blei einige om å danne ei plattform for eit samarbeid på tvers av landet om ei berekraftig utvikling. Nettverket har allereie etablert eit samarbeid med FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) og FN-programmet United for Smart and Sustainable Cities (U4SSC). Fleire kommunar har allereie tatt i bruk eit standardisert måleverktøy for legge til rette for målretta og strategisk utvikling av berekraftige kommunar.


- Gjennom å etablere berekraftsnettverket vil vi stå samla i arbeidet og ved å gjennomføre same type analyse for berekraftsmåling, skaffar vi oss god kunnskap. Denne kunnskapen kan  bidra til felles forståing for problem vi står ovanfor og felles innsats for å løyse dei mellom offentleg sektor, næringsliv, akademia og innbyggarar. Bærekraftsløftet skal sikre samarbeid også på tvers av andre samfunnssektorar, avsluttar ordføraren.

Til toppen