Siste nytt

Letter på tiltaka

Regjeringa har letta på dei nasjonale tiltaka. Slik blir det i Ålesund framover.

Regjeringa lempar no på koronatiltaka, mellom anna ved at det blir tillate med skjenking til klokka 23, auka moglegheiter for fritidsaktivitetar og fleire publikummarar. Karantenereglane blir mindre strenge.

Framleis gult nivå

- Det er viktig at våre barn og unge får ein så normal skole og barnehagekvardag som mogleg, seier ordførar Eva Vinje Aurdal. - Det vil framleis være behov for å ha fokus på smittevern og testing framover, men vi er glade for at vi som kommune kan bestemme tiltaksnivået i skolane og barnehagane etter smittesituasjonen.

Ålesund kommune følgjer regjeringa si oppmoding og fortset med gult nivå i barnehagar, grunnskular, vidaregåande skular og vaksenopplæringa. Dette gjeld inntil vidare.

- I løpet av komande veke vil vi ha klar nye retningslinjer for korleis vi skal handtere endringar i smittetrykket i kommunen. Vi skal være klar til å skifte raskt mellom ulike tiltaksnivå. Vi skal ha klare føringar for opp- og nedregulering i trafikklysmodellen, og der skal vere opning for å ha differensiert tiltaksnivå tilpassa smittesituasjonen  ved ulike barnehagar og skular. Vi vurderer også auka bruk av testing. Så snart desse retningslinjene er på plass vil Ålesund kommune endre til grønt tiltaksnivå, om ikkje smittesituasjonen brått er endra, sier kommuneoverlegen.

Hjelp oss å avgrense smittespreiing

- Vi takker alle dei som har latt seg vaksinere for at vi no kan lette på tiltaka. Vi veit at vaksina bidrar til at færre blir alvorleg sjuke, seier kommuneoverlegen.

Her kan du bestille vaksine.

Det er forventa at smitten vil auke framover. For å hindre smittespreiing er det viktig at kommunen får vite om alle smittetilfelle.

- Vi er avhengig av å ha eit godt bilete av smittesituasjonen til ein kvar tid for raskt å kunna setja i verk naudsynte tiltak for å hindra større smittespreiing. Om vi er raske på bremsa, kan vi ha meir målretta tiltak som ikkje er så inngripande, seier kommuneoverlegen.

Ta PCR-test om du har symptom

Meld frå om du har positiv hurtigtest

Dei nye tiltaka

Frå midnatt fredag 14. januar blir dei nasjonale koronareglane endra. Dei viktigaste endringane er:

  • Fritidsaktivitetar kan gjennomførast tilnærma som normalt for barn og unge. For vaksne er det oppmodingar om maksimalt 20 personar innandørs.
  • Det blir opp til kommunen å definere risikonivået i skular og barnehagar.
  • Full skjenkestopp opphøyrer. Det blir tillate å skjenka alkohol fram til klokka 23, med servering ved borda.
  • Karantenereglene blir endra, ved at nærkontaktar som ikkje er husstandsmedlemmer ikkje lenger treng å være i karantene, men anbefalast å testa seg på dag 3 og 5.
  • Det blir opna for fleire deltakarar på offentlege arrangement, mellom anna 200 innandørs med faste tilviste plassar.

Fleire av reglane som vi har hatt dei siste fire vekene, fortset. Dei viktigaste er:

  • Oppmoding om maksimalt 10 gjestar heime med éin meters avstand
  • Påbud om munnbind
  • Påbud om å tilrettelegge for hjemmekontor
  • Fortsatt krav om koronatest ved innreise til Noreg

Fleire detaljar om dei nye tiltaka, får du på heimesidene til regjeringa. Tiltaka skal vurderast på nytt i byrjinga av februar.

Til toppen