Lettare å finne fram

Lettare å finne fram

Det er no blitt lettare å finne fram til kommunale tenester og korleis du kan kontakte oss i kommunen din.

Slik finn du fram til kommunale tenester

Kommune-Kari app på mobil - Klikk for stort bilete Prokom

Informasjon om tenestene kommunen tilbyr ligg på nettsida vår. Der møter du også Kommune-Kari, som er vår digitale medarbeidar. Du finn henne fremst på forsida vår og nede i høgre hjørne på kvar side. Bare spør henne, ho hjelper deg med å hente frem svaret på akkurat det du lurer på, når du lurer på det.

Kommune-Kari har også fått sin eigen app, som du kan laste ned på mobilen din.

Du kan også få rettleiing frå tilsette på Innbyggartorga våre, som held til på rådhuset og kommunehusa. Dei når du ved å ringe sentralbordet på tlf. 70 16 20 00, som er ope kvardagar 09.00 - 14.00. 

Slik finn du tilsette

Veit du allereie kven du skal snakke med? Då kan du finne direktenummeret på nettsida vår under Kontakt oss > Finn tilsette. Du kan søke på for- eller etternamn til den du ønsker å kontakte. Du kan også søke på avdelingsnamn og få oversyn over dei som jobbar der. 

Oversikt over alle verksemdene våre og kva som er deira ansvarsområde finn du under Kommunen > Alle einingar

Sjå også

Kontakt oss

Sjølvbetening

Til toppen