Legevakt opnar igjen til haustenFrå 1. september opnar Ørskog legevakt. Gledeleg for alle involverte, men først og fremst er det viktig for alle innbyggarane, fortel kommuneoverlege Alexander Wiig. Majoma Media Det var på grunn av bemanningsutfordringar at ein valde å stenge legevakta frå desember 2022 til 1. mars i år. Sidan mars har det vore etablerte ny driftsmodell med regelmessige, men avgrensa opningstider, for fredag, laurdag og søndag. - Den gradvise gjenopninga (helgeope) var for å sikre stabilitet og kontinuitet. Det ser vi no har fungert som planlagt. Med eit godt vaktlag gler vi oss til å allereie vere i dagleg drift etter sommaren. Frå 1. september vil Ørskog legevakt vere open på dagleg basis. Opningstidene er kvardagar kl. 18.00 - 21.00. Laurdag og søndag kl. 12.00 - 20.00. I tillegg vil drift også på kvardagane avlaste legevakta på Åse, som har måtta tole ekstra belastning i perioden. - Gjenopninga er eit resultat av langsiktig konstruktivt arbeid for å finne nye løysingar og god planlegging frå både legar, støttepersonell og samarbeidskommunane. Vi kjenner oss trygge på at gjenopninga vil vere permanent, avsluttar Wiig. Sist endra 12.06.2023 08.59