Siste nytt

Lærlingplass, noko for deg?

Vil du søke om lærlingplass, er det no du bør gjere det! Søknadsfristen for å søke plass som lærling er den 1. mars.Foto av Sentralkjøkkenet i Ålesund er også lærlingebedrift - Klikk for stort bilete 

I kommunen vår er det no ei rekke fag der du kan bli lærling:

  • Aktivitørfaget 
  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Helsearbeidarfaget
  • IKT-servicefaget
  • Institusjonskokkfaget

Dei aktuelle plassane er ledige frå august i år.

Å vere lærling er ein flott måte å komme seg skikkeleg på innsida av eit fag, og du får verdifull praktisk kompetanse. Etter at du har gjennomgått læretida, blir det heile avslutta med ei fagprøve som gir deg fagbrev. Sjansane dine til å få fast arbeid er mykje større med eit slik brev i hendene.

Sentralkjøkkenet som lærebedrift

Sentralkjøkkenet er ei av lærebedriftene i kommunen. Det er lokalisert i Spjelkavik omsorgssenter. Her møtte vi ein flott gjeng.

Amalie Berg, gjekk læretida si her, og er no fast tilsett. Ho seier at tida som lærling var veldig bra. Flott miljø og ein interessant arbeidsplass.

Bsrat Megash, har vore lærling på sentralkjøkkenet sidan november i fjor. Han stortrivst, og rår gjerne andre til å gå den same vegen.

Amalie Berstad, jobbar som assistent ved kjøkkenet. Ho har ikkje bestemt seg heilt om det er denne vegen ho vil gå, men trur at dei som får lærlingeplass her kjem til å få ei fin tid.

Lønn under opplæring

Som lærling får du òg lønn undervegs og du får skikkeleg oppfølging og rettleiing frå den lærebedrifta du er i. Det er ikkje fritt for at ein lærling ‘i dagane våre' har ein heilt anna tilvere enn dei hadde i dei gode ‘gamle dagane'.

Lærling i gamle dagar

Oscar Pedersen, skriv i "Håndverksliv i gamle dagar": Læretida var ei hard tid. Lærlingen skulle vere først oppe om morgonen og sist i seng om kvelden. Han skulle gjere reint, bere ved og vatn, hente øl til sveinane, passe mesterfrua sine ungar osb. Han hadde ikkje lov til å seie eit ord, heller ikkje til sveinane utan at han vart spurd. Han var ein kua stakkar.  Ofte vart han brukt til husleg arbeid og alt mogleg, slik at han lærte svært lite av det faget han skulle lære. Då kunne det kjennast som ein befrielse då læretida var over. Først då kunne han føle seg som menneske.

No er det turen din

No for tida er det altså ein litt annan måte å behandle lærlingar på. Vi ønsker deg lykke til i arbeidslivet. 

For meir informasjon, sjå utlysning under ledige stillingar og søk før 1. mars. 

Til toppen