Lærerik beredskapsøving

Kvar haust deltar kriseleiinga på «øving fårikål». I år var temaet atomberedskap.

Kvar haust dei siste ti åra har fylkesmannen arrangert årlege diskusjonsøvingar der alle kommunane i fylket blir invitert til å delta. Øvingane har blitt gjennomførte om hausten, og dei har gått under namnet "Øving fårikål".

Dette er ei skrivebordsøving, der kriseleiinga i kommunane får presentert eit krisescenario dei skal jobbe med utover dagen.

«Øving, øving, øving: Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har i dag varsla Statsforvaltaren om brann i eit fransk atomdrive marinefartøy (ubåt) i Norskehavet. Fartøyet sitt posisjon er ca 20 nm (37 km) nordvest av Ålesund kommune.»

Slik starta meldinga som kom inn på mobiltelefonane til medlemmane i kriseleiinga måndagsmorgon 21. november. Slik blei dei mobilisert. Ein halvtime seinare var kriseleiinga samla i eit møterom på rådhuset, klar til å øve på scenariet dei hadde fått beskjed om.

- Øving er ein viktig del av beredskapsarbeidet, og at vi øver på ein type hendig gjer oss betre rusta til å handtere både den og andre typer hendingar, seier Helge Veum. Han er verksemdsleiar for teknologi og innovasjon, og leiar av krisestaben i Ålesund kommune.  

Krigen i Ukraina gjer temaet dagsaktuelt, men dette er eit av mange typar hendingar ein kommune må være beredt på å møte.

- Heldigvis veit vi no at det ikkje vil vere behov for å dele ut jod eller anbefale innadørs opphald ved eit radioaktivt utslepp i Ukraina, seier beredskapsrådgivar Åse Karin Gjære. Ho var ansvarleg for den lokale øvinga, saman med beredskapsrådgivar Vidar  Tolås.

Gjennom denne øvinga får kriseleiinga trent på beredskapsarbeid. Slike øvingar gjer ein nyttig gjennomgang av ulike problemstillingar, planverk, rolleforståing og krisestøtteverktøyet CIM, kom det fram då kriseleiinga oppsummerte øvinga.

- Det er viktig for oss som team å bli trygg på kvarandre og trene på å finne løysingar i ei tenkt krisesituasjon. Slike øvingar er nyttig, sier Malin Piegsa, kommunalsjef for kommunalområdet samfunn.

Vil du vite meir?

Les meir om kommunen sin beredskap og sikkerheit

Her har vi samle informasjon om atomberedskap

På sikkerhverdag.no finn du råd om eigenberedskap

Er du bekymret for krigen i Ukraina? (ung.no)