Kva skal vi gjere når barn ikkje vil på skolen?

Har du eit barn i grunnskolen med urovekkjande skulefråvær? Bli med på foreldrekveldane vi arrangerer og lær meir om korleis vi kan hjelpe. 

Seks damer som sit i sofa.  - Klikk for stort bileteDei representerer Tverrfagleg ressursgruppe. Frå venstre: Laila Grytten (familiestøtte), Lena Maria Silva Giske Leira (grunnskoleteamet), Line Volstad Melbye (helsestasjon), Gry Tømmerdal Rennan (PPT, avdeling grunnskole), Anne Jorunn Ferstad Aasen (Team oppvekst), Venke Elin Brandshaug (barneverntenesten).

Ålesund kommune inviterer foreldre til barn i grunnskolen som har urovekkjande fråvær til tre informative kveldar.

Kva er bekymringsfullt fråvær?

Barn og unge i Noreg har plikt og rett til grunnskoleopplæring. Nokre gonger opplever barn likevel store vanskar med å komme seg til skolen eller med å halde ut skoledagen. Dette kan skape ein svært krevjande situasjon både for barnet, familien og for skolen. For eleven kan det få alvorlege konsekvensar både fagleg og sosialt, og det kan gå ut over den psykiske helsa med isolasjon, svekka sjølvkjensle og einsemd.

Det kan være mange og komplekse grunnar til skolefråværet. Uavhengig av årsak, er relasjonar ofte det viktigaste for å klare å møte og være på skolen for dei aller fleste barna og unge. Dette inkluderer både relasjonar til både jamaldra, lærarar og familie.

Det er fleire som kan hjelpe

Når eit barn har urovekkjande skolefråvær, kan det være nødvendig at fleire tenester i kommunen samarbeider med skule og foreldre. Dette samarbeidet kan bidra til å identifisere og adressere dei underliggjande årsakene til skolefråværet og utvikla individuelt tilpassa løysingar for barnet.

Ei tverrfagleg ressursgruppe trer inn når skolen og foreldre opplever at tiltaka i arbeidet ikkje fører fram og ein har behov for å trekkje inn fleire fagområde i ein samla innsats. I Ålesund kommune består denne gruppa av Team oppvekst, Grunnskoleteamet, PPT, Familiestøtte, Barneverntjenesten og Skolehelsetjenesten

Vil gjere foreldre kjent med kva hjelp dei kan få

Den tverrfaglege ressursgruppa inviterer no til foreldrekveldar. Der vil nokre av tenestene presentere seg slik at foreldre kan bli betre kjent med dei ulike tenestene i kommunen, og dessutan vise kva tiltak som bør setjast i verk ved urovekkjande fråvær hos barn og unge. Møta blir med dette varierte både med informasjon og moglegheiter for å stilla spørsmål.

Tilbodet er til alle foreldre med barn i grunnskolen som har ei bekymring i forhold til fråværet til barnet. Det kan vera alt frå dei barna som er på skolen, men har vondt i magen og opplever det vanskeleg å vera på skolen, til dei som har utvikla langvarig skolefråvær. Ved å samla foreldra til elevar med utfordringar med å vera på skolen, vil dei som kanskje kjenner seg åleine og fortvila over situasjonen dei er i, oppleve det godt å møte fleire i same situasjon. Det er inga forventning om at foreldra deler historiene eller erfaringane sine. Me håpar at det å få informasjon frå tenester og å møte andre opplevast meiningsfullt.

Me har allereie fått påmeldingar frå fleire foreldre frå ulike delar av kommunen, og håpar at alle som ønskjer det melder seg på. Det er mogleg å melda seg på heilt fram til oppstart av første foreldrekveld, seier Lena Maria Silva Giske Leira i grunnskoleteamet.

Bli med på foreldrekveld

Tid: 

  • Tysdag 30.05.23 kl 18.00-20.00: Bli kjend med Grunnskoleteamet og PPT
  • Tysdag 06.06.23 kl 18.00-20.00: Bli kjend med Skolehelsetjenesten og Barnevern
  • Tysdag 13.06.23 kl 18.00-20.00: Bli kjend med Familiestøtte. Oppsummering, evaluering og vegen vidare.

Stad: Spjelkavik ungdomsskule – Amfiet (Idrettsvegen 16, 6011 Ålesund)

Påmelding: Send ein SMS til 46 87 82 06 til Lena Maria S. G. Leira i grunnskuleteamet om du kan tenkje deg å komme eller har spørsmål.