Kunst og kultur har aldri vore viktigare! 

2. januar var Lin Marie Norberg Jacobsen tilbake i rolla som rådgivar for den profesjonelle delen av kunst og kulturlivet i Ålesund kommune. – Målet og ønsket mitt er at kunst og kultur skal få ein endå større og tydelegare plass i det offentlege rommet og i kommunen.

Kvinne smiler i solskinn - Klikk for stort bileteFoto av en smilande Lin Marie Norberg Jacobsen

I 1,5 år har Lin vore i permisjon frå jobben i kommunen og jobba som koblingsmagikar i kompetansenettverket NExTdigital. Etter nokre år borte frå kommunen blei saknet etter å jobbe tett på og med kunst og kultur for stort:

– Eg håpar at eg har klart å trekke inn kunstfagfeltet og effekten av gode kunst- og kulturoppleving i rolla som koplingsmagikar. Eg har lært vanvitig mykje av og om det imponerande næringslivet på Sunnmøre, men er veldig klar for å jobbe med kunst og kultur i kommunen, seier Norberg Jacobsen.

Kultursjef Oskar Skulstad er veldig glad for å ha Lin tilbake:

– Vi er veldig glad for at Lin endeleg har komme «heim» til kultur og fritid. I nedgangstider er kunst og kultur viktigare enn nokon gong, betydninga av ein god kulturell grunnmur i kommunen er avgjerande for ei god samfunnsutvikling, seier Oskar.

Kunst og kultur er «limet»

Lin brenn for kunst, kunstnarar, kultur og kulturliv, og ser på det som «limet» og «motoren» i samfunnet.

Ho er veldig klar på at det aldri har vore viktigare å jobbe med dette enn akkurat no:

– Verdsbiletet er kaotisk og mange står i ein vanskeleg situasjon med mykje uvisse. Kommunen har ein utfordrande økonomi, og det same har mange av innbyggarane. Og midt i dette står barna og ungdommane våre i etterdønningane av korona. Det vi treng er å lage gode tilbod og gode miljø for heile økosystemet i kulturbransjen, både for brukarane av tilbodet og dei profesjonelle. Og kunst og kulturen er det «limet» som vi må styrke. Dette er viktigare enn nokon gong, seier Norberg Jacobsen.

Rådgivar for profesjonell kultur

Lin skal vere rådgivar for den profesjonelle delen av kunst og kulturlivet, vere eit bindeledd mellom kommunen og kulturinstitusjonar. Ho skal også jobbe med byutviklingsprosjekt med fokus på kunst i offentleg rom.

– Målet og ønsket vårt er at kunst og kultur skal få ein endå større og tydelegare plass i det offentlege rommet og i kommunen. Det er dette som driv oss og utviklinga av kommunen sitt kulturarbeid framover, seier Lin.

Saman med dyktige kollegaer i kultur og fritid, og andre verksemder i kommunen, er målet at Ålesund skal ta ei endå meir aktiv rolle og ein tydeleg posisjon i samfunnsutviklinga. Lin løftar også fram viktigheita av eit godt samarbeid med andre samfunnsaktørar.

Kunst og kultur som drivkraft for innovasjon i Ålesund kommune skal ifølge samfunnsplan og strategi for tenesteutvikling jobbe med og for at kunsten har ei rolle i alle utviklingsprosjekt. Dette står i strategien:

«Kunst og kultur er og ein viktig bidragsytar til stads- og tenesteutviklinga. Kunst og kunstnaren sitt perspektiv og metodar skal vere integrert i utviklinga av kommunen. Kunst og kultur bidreg til livskvalitet for innbyggjarane og samskaping mellom ulike aktørar. Vidare er kunst og kultur avgjerande for å ta i vare Ålesund kommune eigenarten og identiteten sin, og bidreg til nyskaping og berekraftige løysingar»

– I samfunnsdelen til kommunen er eit av hovudmåla at vi skal vere det kulturelle knutepunktet mellom Trondheim og Bergen. Det er eit mål som absolutt kan nåast, blir halde oppe og blir utvikla, seier Lin til slutt.