Kulturhuset gjer parklivet enklare i sommar!

Kulturhuset gjer parklivet enklare i sommar!

Hengekøye i parken - Klikk for stort bilete I år, som i fjor sommar, opnar Parken kulturhus dørene mot byparken og inviterer turistar og fastbuande til eit enklare og betre parkliv ved å nytte seg av fasilitetane til kulturhuset. 

Fakta

Sommar i parken

  • Opent: Måndag til laurdag heile juli og august, fram til skolestart, kl. 11.00 til 15.00.
  • Fasilitetar: Hengekøyer, bøker, spel, leikar, bålpanne, toalett, stellerom, kreative aktivitetar.

Lounge – utan VIP

Dette er eit lågterskel til alle besøkande i byparken i sommar. Måndag til laurdag mellom 11 og 15 i heile sommar blir foajeen open for alle som ønsker å komme innom. 

- Alle som kjem inn i foajeen vår, snakkar om kor behageleg det er å berre vere i rommet, seier kulturhusleiar Hans Pareliussen. - Vi tilbyr no ein stad å slappe av, lese ei bok, fylle på vassflaska eller nytte seg av toaletta i huset. Dette blir byens lounge, men her er ingen VIP, her er alle like viktige. Vi prøver heile tida å utvikle oss, og spesielt i sommarsesongen har vi hatt ønsker å om utforske meir. 

Sommarstid er det festivalane som tar over mykje av kulturprogrammet, og kulturhuset kan fokusere på andre ting. Dette er ein del av eit større prosjekt der vi ønsker at kulturhuset skal brukast gjennom heile året – òg om sommaren.

Og med det velkjente, ustabile sommarvêret på Sunnmøre i mente, er det jo fantastisk at vi kan tilby parkgjester tak over hovudet òg om det skulle komme ei regnbye. Med denne store glasfasaden vår kan ein nyte parken sjølv om ein sit inne.

Biblioteket i parken

Med i samarbeidet er òg Ålesund bibliotek. Dei stiller leikar og spel, og dessutan bøker til utlån. Og i tillegg vil dei ha kreative aktivitetar som eventyrstund, buttonverkstad o.l. for barn éin gang i veka. 

Tegnesaker i loungen - Klikk for stort bilete 

Vatn, wc og wi-fi – og hengekøyer!

Stellerom og toalett er tilgjengeleg for dei som treng det, og det blir mogleg å fylle på vassflaska før ein tar trappene fatt opp til fjellstova. Eventuelt kan ein berre setje seg ned og slappe av. I fjor var ikkje minst dei kule hengekøyene, laget av Christoffer Svendsen, ei hit. Dei kjem tilbake i år.  

- Christoffers hengekøyer må berre opplevast. Dei fungerer både i minneboka på Instagram og er fantastiske til å slappe av i, seier Pareliussen, som også seier at dei vil fyre opp bålpanna på terrassen, i tilfelle nokon ønsker å grille pølser, marshmallows eller noko anna. 

70 ekstra trappetrinn til Aksla

Mange er opptatt av å telje tal trappetrinn opp til fjellstova, og vi er glade for å nå kunne tilby den turglade 70 ekstra trappetrinn opp til fjellstova. Hovudinngangen til kulturhuset blir nemleg òg open, og kulturhuset kan nyttast som ein snarveg opp til byparken. Eventuelt kan ein rett og slett ta heisa til parken. Slik ønsker vi å tilgjengeliggjøre parken i byen til endå fleire av innbyggarane i byen.

- Hugs at plasseringa til kulturhuset er heilt unik. På den eine sida er det ein del av det urbane landskapet, medan det på baksiden ligg mot eit fredeleg grøntområde. 

Samarbeid på tvers

Prosjektet er eit samarbeid med fleire kommunalområde, der både kulturavdelinga, biblioteket, parkvesenet (VGA ) og ÅKE er med og fasiliterer byparken.  

Til toppen