Krevjande økonomi og vinmonopol på sakslista

Det er klart for nytt møte i formannskapet. I denne artikkelen finn du ei kortfatta oppsummering av eit utval saker. Om du vil vite meir, kan du lese sakspapira nederst i artikkelen.

Kvinne sit ved bord - Klikk for stort bilete Ålesund kommune, Marit Brunstad

Tirsdagens møte tek til 09:30 i formannskapssalen, og er ope for tilsjåarar. Om du vil følge møtet heimanfrå kan du sjå direktesendinga på KommuneTV.

Krevjande økonomi krev meir omstilling 

For å kunne nå målet om ein berekraftig kommuneøkonomi for Ålesund er det sjølv i eit krevjande år særs viktig at omstillingsarbeidet prioriterast og at tiltaka som settast i verk har fart og rett retning.  

Kommunen har lukkast med å snu den negative utviklinga med auka driftskostnadar innanfor kommunalområde Helse, men ein ser at omstillinga ikkje går fort nok. Handlingsrommet for omstilling er lite, då ein er forplikta av dei vedtaka som er gjort om kva helsehjelp pasientane skal få. Samstundes er det vanskeleg å rekruttere både legar og sjukepleiarar, som gjer at ein må bruke meir på overtid og innleige av vikarar. 

Kommunedirektøren er særdeles bekymra for rekrutteringssituasjonen i åra som kjem. Nasjonale prognosar tilseier at det vil verte verre. Ikkje-lovpålagde tenester vil måtte reduserast til eit minimum, sett bort frå dei som kan minske behovet for tyngre tenester. 

Kommunalområde Oppvekst er eit anna område med for høge utgifter. Dette kjem av fleire grunnar: 

  • Ei kraftig auke i utgiftene i tilskota til private barnehagar 
  • Utgiftene til barnevernet aukar meir enn det som er lagt inn i budsjettet 
  • Utgiftene til spesialpedagogiske tiltak i private skular og barnehagar er høgare enn forutsett 
  • Innsparingskrav som ligg inne i budsjettet for kommunalområdet synes krevjande å realisere i det omfang som det er forventa i tildelt budsjettramme. 
  • Auka utgifter som følgje av fleire flyktningar 

Kommunalområdet har over tid arbeidd både med å effektivisere drifta, og har merka god effekt. Sett i forhold til samanliknbare kommunar brukar Ålesund kommune mindre på oppvekst, men ein må likevel redusere meir for å komme innanfor budsjettramma. 

Samla sett gjer situasjonen at ein må ha høg fokus på omstillingsarbeid, sjølv i eit år der ein byggjer to nye kommunar.  

Vinmonopol på Harøya 

Kommunedelsutvalet for Sandøy og Fjørtoft har bede Ålesund kommune søke om å få etablert Vinmonopol på Harøya. Dei skriv i vedtaket sitt: 

“Steinshamn er eit av dei gamle kommunesentra som Ålesund kommune bør satse på og vidareutvikle. Vi har eit levande og rikt næringsliv som vi vil utvkle og tilføre nye funksjonar. Fleire funksjonar i sentrum vil styrke eksisterande næringsliv og gjere området meir atraktivt for fastbuande og turistar. Det er langt til næraste vinmonopol, og med Nordøyvegen vil ein ha eit betydleg større kundegrunnlag enn tidlegare.” 

Ordføraren har bedt om at saka vert lagt fram for formannskapet, som må ta stilling til om saka skal fremjast til politisk behandling. 

Dale-Oen Academy 

Stiftinga ønsker at Ålesund kommune skal bli ein støttespelar og økonomisk bidragsytar til stiftinga sitt arbeid i Ålesund. Kommunedirektøren vurderer tilbodet som Dale-Oen stiftinga etablerer i Ålesund som eit positivt bidrag til arbeidet for å få barn og ungdom mellom 16-20 inn i eit opplegg med skule og arbeid og skulle gjerne innstilt på at vi gir eit økonomisk bidrag. På grunn av den økonomiske situasjonen i Ålesund kommune finn vi likevel ikkje grunnlag for å tilrå tilskot i 2023. 

Kommunedirektøren finn tiltaket som så positivt at ein i budsjettprosessen for 2024-27 vil vurdera om det er økonomisk mogleg å bidra med tilskot. 

Meir informasjon

Vil du ha full kontroll på sakane? Du finn alle møtedokumenta i Innsyn.