Innsyn er oppe igjen

Postlister, møteplan og Innsyn er nå tilgjengeleg igjen. Dei tekniske feila er retta. 

Siste nytt

Korleis skal den nye kommunen bli utvikla?

Samfunnsdelen i kommuneplanen ligg no ute og vi ønsker oss dine innspel innan 17. november. Den tar for seg mål- og strategiar, om korleis vi vil ha det i kommunen vår og korleis kommunen skal arbeide for å nå desse måla.Klikk for stort bilde 

Samfunnsplanleggar Ingunn Stette står i spissen for arbeidet med den nye kommuneplanen for Ålesund kommune.

- Planen er kommunen sitt overordna strategiske styringsdokument, og skal byggast på FN sine berekraftsmål. Planen vil difor seie noko om korleis dei 17 berekraftsmåla skal følgast opp her i kommunen vår. Kommunestyret har peika ut tre satsingsområde for kommuneplanarbeidet; som er livskvalitet for innbyggarane, berekraftig miljø og vekstkraftige samfunn, fortel Stette. 

For å få til eit godt samfunn må vi bli samde om ein kurs som blir halden stødig over lang tid.  Dette krev tverrpolitisk semje og samarbeid med næringsliv, befolkning, organisasjonar, sektorar og fylkesnivået.

Treng di tilbakemelding

Det er gjennom ein prosess med involvering no laga eit utkast til ny samfunnsdel. Den finn du digitalt her. 

Kommuneplanen sin samfunnsdel seier noko om kva framtidsvisjonar, verdiar og satsingsområde kommunen har, og inneheld eit sett med mål – og strategiar som  beskriv korleis vi vil ha det i Ålesund kommune og korleis vi skal arbeide for å nå desse måla. Det er desse måla og strategiane vi no ønskjer å få innspel til.

Gi oss dine innspel her. 

Folk flest har ei meining om korleis kommunen dei bur i bør vera, og derfor håper vi på tilbakemeldingar for korleis vi skal ha det inn i vår felles framtid.

Kva skjer vidare?

Forslag til samfunnsdelen i ny kommuneplan vil ligge ute til høyring i perioden fram til 17. november 2020.

Forslag til ny samfunnsdel for Ålesund kommune vil, etter at høyringsprosessen er gjennomført, bli lagt fram for kommunestyret til handsaming. Her vil også alle innspela som kjem inn til planforslaget bli behandla. 
 

Til toppen