Etter 01.01.24 vert dagens Ålesund kommune avvikla, og erstatta av to nye kommunar.
Christina Rasch Haugen
Førre veke fekk kommuneutvala ei oppdatering frå administrasjonen om arbeidet med kommunedeling. Her kom det fram viktige detaljar, og status for dei ulike delprosjekta som er ansvarleg for den daglege framdrifta.
Slik blir valet
Mellom anna fekk politikarane høyre om det konstituerande møtet til dei nye kommunestyra. Dette er det første kommunestyremøtet etter valet. Då skal partia velje ordførar, varaordførar, kontrollutval, formannskap og andre utval. Ein skal også godkjenne diverse politiske reglement, som reglane for godtgjersle og møtereglementet. Konstituerande møte er planlagt til 24. oktober i Haram og 26. oktober i Ålesund.
Etter sommaren og fram mot valet er det planlagt ei full runde med politiske møter, altså med utval, formannskap og kommunestyre. Eit møte for å godkjenne valresultatet er planlagt til 13. September.
Krevande arbeid med avtalar og samarbeid
Begge dei nye kommunane skal ha nye avtalar på plass ved oppstart 01.01.2024. Ålesund kommune har til ei kvar til om lag 500 ulike kjøpsavtalar. Dette er IKT, bygg- og anlegg, konsulentavtalar og større rammeavtalar. IKT-avtalane har hatt førsteprioritet, sidan dei vil vere mest arbeidskrevande i etterkant av at avtalane er inngådde.
Hovudregelen er at begge dei to nye kommunane skal ha same IKT- og rammeavtalar etter delinga, dette gjer prosessen lettare. For andre avtalar kan det variere om begge kommunar skal gå vidare med same avtale.
Administrasjonen har kome godt i gang med dei viktigaste avtalane, men erfarer at ting tek lengre tid enn venta, og at det stadig dukkar opp ekstraarbeid eller krevande juridiske vurderingar.
Ålesund kommune deltek i over 40 ulike samarbeid, i tillegg til eigarskap i aksjeselskap og stiftingar. Oppå dette kjem medlemskap i ulike organisasjonar, foreiningar og lag.
Dei ulike samarbeida er organisert på ulike vis, og vert påverka av kommunedelinga i varierande grad. Samarbeida må derfor også behandlast på ulike måtar. Nokre samarbeid, som interkommunale samarbeid, må behandlast politisk, medan medlemsskap i eit råd må behandlast særskilt for kvart enkelttilfelle.
Mange av desse samarbeida vert avklart i haust, men nokre er meldt opp til politisk behandling før sommaren.
Viktige fagsystem
Eit av dei mest omfattande tiltaka i kommunedelinga er innføringa av fagsystema i dei to nye kommunane. Dette heng tett saman med alle avtalane som må gjerast på nytt, men det handlar også om å sette opp alle desse systema, og å få alt det tekniske til å fungere. Det er ein veldig stor jobb.
Arbeidet er i rute, sjølv om prosjektet framleis er i planleggingsfasen, med mykje avtalearbeid. Snart vil prosjektet ta fatt på å innføre alle systema. Det er utfordrande at Haram 2024 ikkje er ein ferdigbygd organisasjon, sidan det ikkje kan komme ei klar bestilling frå dei som skal ta alle systema i bruk.
Dette er ei generell utfordring som også er gjeldande for Ålesund 2024, kommunedelingsprosjekta jobbar for to organisasjonar som ikkje er etablerte.
Tilsette er plassert i riktig kommune
Det har i lengre tid vore jobba med korleis dei nye kommunane skal sjå ut, slik at man kan plassere dei tilsette i riktig stilling og i riktig kommune. No er både planane ferdige, og dei tilsette er kartlagt og plassert. Det betyr at ein også har begynt å lyse ut stillingane som ein ikkje har folk til, eller der det er oppretta stillingar som ikkje finst i dagens organisasjon.
Denne progresjonen er i tråd med planen, om at dei tilsette skal vite kva stilling dei skal ha og i kva kommune; i løpet av mai og seinast i juni 2023.
Neste steg i arbeidet er utforming av lokale tariffmessige særavtalar, arbeidsgivardokument og organisering av verneombod.
Prosjektet er i rute
Prosjektleiarane opplever at arbeidet er i rute.
“Vi leverer etter planen, dette kjem til å gå bra. Vi har henta inn igjen den tapte tida, og er i all hovudsak i rute. Vi vil gjerne skryte av alle som er involvert i denne prosessen, og har stått på i lang tid.”