Kor trygt er drikkevatnet vårt?

Tilgang til reint drikkevatn er eit av FN sine berekraftsmål. Treng vi tenke på det her på Nordvestlandet?

 

Flyfoto med oversikt over Brusdalsvatnet og utover mot sentrum og havet - Klikk for stort bileteOversiktsbilde av Brusdalsvatnet

 Årets vassdag har som bodskap at vi må endre måten vi lever på når det gjeld vassforbruk. Vi må i større grad enn før ta omsyn til miljøet slik at berekraftsmål nr. 6 kan nåast, fortel avdelingsleiar for vassforsyning.

Bjørn fortel at vatn er viktig. Ein metafor han ofte brukar er om kolibrien. 

- Ein dag braut det ut brann i skogen. Alle dyra sprang for livet. Dei stod i utkanten av brannen og såg på flammane i redsel og tungsinn. Oppe over hovudet på dei flaug ein liten kolibri fram og tilbake til bålet, om og om igjen. Dei større dyra spurde kolibrien kva ho gjorde. «Eg flyg til innsjøen for å henta vatn for å hjelpa til med å sløkke brannen.» Dyra lo av henne og sa: «Du kan ikkje sløkke denne brannen!» «Eg gjer det eg kan,» svarte kolibrien. Kolibrien hjelper til med å løyse problemet – ein drope av gongen. Ho er endringa ho ønsker å sjå i verda. Du kan også vere ein kolibri. Handlingane du gjer, same kor små, vil hjelpe til med å løysa vasskrisa. 
Verdas vassdag – alle kan gjere litt!

Kronikk om vatnet vårt 

I høve verdas vassdag Bjørn Skulstad, avdelingsleiar for vassforsyning, og Torill H. Myklebust, seniorrådgivar på vatn, skreve ein kronikk som blei publisert i Sunnmørsposten 20. mars. Her kan du lese den. 

Verdas vassdag 22. mars fokuserer på at alle må bidra til at vi når berekraftsmåla sett av FN, særleg nr. 6 - reint vatn og gode sanitærforhold. Treng vi å tenke på dette her på Nordvestlandet? 

Kva må vi så gjera når vi skal tenke globalt og handle lokalt for å komme dette berekraftsmålet i møte? Vi må gjera som kolibrien. Den brannen som kolibrien prøver å sløkke, er ein metafor for klimautfordringane våre og den krisa dei fleste meiner vi er inne i, altså klimaforandringane.

FN seier at vi må auka innsatsen og innsjå at vi må handla raskare enn vi gjer i dag. Viss alle innser at det hastar å omstilla seg til eit klima i rask endring og gjera som kolibrien, vil ein kanskje kunne snu eller bremsa klimautviklinga.

22. mars er det ein eigen vasskonferanse i New York. Det vil bli eit vegskilje i kampen for globalt reint og trygt drikkevatn. I forkant av denne konferansen, blir alle i heile verda oppmoda til å forandre måten vi bruker vatnet og korleis vi forvaltar det. Generalsekretær Antonio Guterres seier det omtrent slik: Resultatet av FNs vasskonferanse i New York i mars må bli ein modig handlingsplan for vatn som gir denne livsnødvendigheita det forpliktande engasjementet som ho fortener frå oss alle

Les meir om konferansen.

Arvesølvet vårt - Brusdalsvatnet

Brusdalsvatnet er av lokal, regional og nasjonal verdi som drikkevasskjelde for 67 937 (2022) innbyggjarar i Ålesund, Sula og Giske kommunar. Det er både hovudvasskjelde og reservevasskjelde. Brusdalsvatnet har utan avbrot gitt oss alt det drikkevatnet vi har hatt behov for i 42 år. Dette er arvesølvet vårt, som vi i felleskap må sikre for framtidige generasjonar.

Drikkevasskjeldene i landet vårt og i andre land er også påverka av klimaforandringane. Våtare og villare er ikkje berre ord. Det er i varierande grad røyndom, noko som mellom anna NTNU i Ålesund har greidd ut gjennom ei doktoravhandling frå 2019. Der blir risikoar synleggjorde og kva konsekvensar klimaforandringar kan ha lokalt for drikkevasskjelda vår.

Det blir påvist at til dømes førekomst av sjukdomsframkallande bakteriar kan bli annleis i åra som kjem, noko som igjen kan gi endra føresetnader for vassbehandlinga. Dette fortel oss at vi i langt større grad enn før må verna den lokale drikkevasskjelda vår mot påverknad av auka klimarelatert forureining. Samtidig må vi avgrense forureining frå andre kjelder, slik som E39, hovudvegen gjennom nedslagsfeltet til Brusdalsvatnet.

Årets vassdag og lokal handling

Denne dagen blir vi minte om viktigheita av å gjere det vi kan for å ta vare på vatnet vårt, slik som kolibrien.

I Ålesund vassverks nyare historie har vi aldri gått ut med vatningsforbod eller andre tiltak for å tvinga folk og bedrifter til å redusere vassforbruket, og vi har heller ikkje intensjonar om å gjere det. Vi jobbar kvalitativt med å redusere lekkasje i leidningsnettet. Men vi treng hjelp frå dykk innbyggarar og andre.

Omstilling som må til for å møte klimaforandringane handlar konkret om at vi kanskje burde sjå på vern av drikkevasskjelda, men også varetaking av leidningsnettet, som ein dugnad der alle deltek. 

For begge delar handlar det om at vi som kundar og drikkevasskonsumentar bruker berre det vi treng av vatn og at vi sjekkar om me har lekkasje i huset, unngår unødvendig frost-tapping og unødvendig vatning av plen for å nemne nokre punkt. Dette vil også bidra til å minske presset på vasskjelda og dermed vassdraget.  

Ny konsesjon for uttak av råvann

Ålesund kommune får no ein ny konsesjon for uttak av råvann til produksjon av drikkevatn der miljøomsyn blir sett i fokus i større grad enn før. Minstevassføring er eit av desse miljøkrava som NVE vil stille i den nye konsesjonen, for å vareta det naturlege mangfaldet i vassdraget.

På same måte som i Solnørdalvassdraget, vil framtida til elvemuslingen kunna varetakast av konstant optimal vassføring i elva, og då helst utan tilførsel av forureina vatn frå veg. 

Vi må lære av tidlegare uhell

For 18 år sidan vart Bergen ramma av ein epidemi på grunn av ein parasitt (Giardia) som kom inn i drikkevasskjelda via ein lekkasje i ein kloakkleidning. 6000 menneske vart sjuke. Nokre år sendarar braut det ut cryptosporidiose på grunn av ein annan parasitt i to byar i Sverige. Tusenvis vart sjuke. Også der hamna kloakkvann ut i drikkevasskjelda via avløpsleidningar.

Uhell på trafikkerte vegar nær drikkevasskjelda kan også sette vassforsyningar ut av spel, slik det skjedde i Karlshamn i Sverige i 1994, då miljødiesel rann ut i drikkevasskjelda og råvannet ikkje kunne brukast dei neste 3 månadene.

Dette ramma ei befolkning på 20-30000. Engasjement rundt slike truslar kan også vere ein del av den nemnde dugnaden.

Kan dette skje ved Brusdalsvatnet?

Ei av dei største utfordringane når det gjeld vidareføring av kontinuerleg god råvannskvalitet handlar om korleis skal vi hindre at forureining frå E39 set drikkevasskjelda ut av spel, enten det er akutt forureining eller meir kontinuerleg. Kva meiner du om dette, du som bur i Sula, Giske eller i Ålesund, inkludert Ellingsøya, og som er avhengig av godt og trygt drikkevatn som opphavleg kjem frå Brusdalsvatnet?

FN er klar på at vi er på etterskot med å komma berekraftsmåla i møte. Derfor meiner dei at vi i global skala må auka farten på gjennomføring av tiltak som bremsar dei negative klimaforandringane. På same måte som kolibrien bidrog, så må kvar og ein av oss bli betre til å endra måten vi bruker vatn på, under dette også kva vi gjer med det brukte vatnet før vi sender det tilbake i naturen.

Kva tanker har du som innbyggar om noko som dei fleste tek for gitt, altså vatna i springen? Korleis kan du bidra? Ønskjer du å gjere det du kan for å sikra samfunnets kanskje viktigaste ressurs for framtida, og på ein berekraftig måte? 

På verdas vassdag 22. mars 2023 blir oppmoda alle til å tenke litt ekstra over viktigheita av vatnet vårt; vêr som ein kolibri du òg, alle kan gjere litt!