Terje Endresen, prosjektleiar BLÅ fjordar, og prosjektleiar frå Ålesund bygg på oppstartsmøte for arbeid med pumpestasjonar og ventilkummar til overføringsanlegget til Kongshaugen reinseanlegg.Kontrakten er ein viktig del av i overføringsanlegget sidan den omfattar anlegg og utstyr som leverer vatnet som skal til for å drifte Kongshaugen reinseanlegget.
Det ferdige anlegget skal reinse avløpsvatn frå innbyggarar og næringsliv i Sula og Ålesund tilsvarande 66.000 personekvivalentar. For å frakte avløpsvatnet til reinseanlegget, skal det leggast strekk med rør både i sjø og på land i tillegg til at det skal byggast fleire pumpestasjonar og ventilkummar.
Det er no inngått kontrakt på bygging av pumpestasjonar og kummar i Ålesund kommune. Kontrakten er på vel 50 millionar kroner og innanfor budsjett. Maskin og prosessutstyr til desse stasjonane kjem i eigen entreprise. Pumpestasjonane i Larsgården og i Sula kommune kjem også i eigne entreprisar.
Lokale ringverknader
Prosjektleiar for BLÅ fjordar, Terje Endresen seier entreprisane er inndelte slik at ein kunne få tilbod frå fleire leverandørar, også lokale, og er glad for at ein no får samarbeide med ein lokal aktør som både kjenner området godt og som har erfaring med kommunale byggeprosjekt.
Det er fint at prosjektet er med på å gi lokale ringverknader med oppdrag og arbeid til eit firma i regionen.
I tillegg peiker Endresen på at Ålesund Bygg skåra godt på miljøkrava i anbodet og sikrar ein god leveranse også på det området.