Konstituerande møte i Haram kommune 2024 og Ålesund kommune 2024Tysdag 24. og torsdag 26. oktober er det klart for konstituerande møte i Haram og Ålesund kommune.Illustrasjonsbilde Marit Brunstad / Ålesund kommune Det er mykje praktisk som skal på plass før dei to nye kommunane, Haram og Ålesund, trer i kraft frå 1. januar. Vanlegvis vil den noverande ordføraren gå av, og ny ordførar gå på i stillinga under det første kommunestyremøtet, det sokalla konstituerande møtet. Sidan dei to nye kommunane ikkje vert oppretta før 1. januar, vil det noverande kommunestyret med Eva Vinje Aurdal som ordførar vere gjeldande fram til 31. desember, fram til dagens kommune vert avvikla. På dei konstituerande møta som vert halde denne veka er det dei nye ordførarane Håkon Lykkebø Strand (Ålesund kommune) og Vebjørn Krogsæter (Haram kommune) som skal leie. Dette er det første møtet dei leie som dei nye påtroppande ordførarane. I desse møta skal det veljast kven som skal sitte i Formannskapet, ordførar og varaordførar og kontrollutval i dei to nye kommunane.Eller står blant anna desse sakene på sakslista:Politisk delegeringsreglement for ÅlesundReglement for folkevalde organReglement og forskrift for folkevalde sine rettar til godtgjersle og velferdsgodeVal av medlemmar og varamedlemmar for dei ulike utvalaTilslutning til KS arbeidsgivarverksemdVal av representantar til KS FylkesmøteI Haram vert det halde konstituerande møte tysdag 24. oktober. Her finn du sakspapira.I Ålesund vert det konstituerande møtet halde torsdag 26. oktober. Her finn du sakspapira.Du kan sjå konstituerande møte i Haram direkte på KommuneTVDu kan sjå konstituerande møte i Ålesund direkte på KommuneTV Sist endra 06.11.2023 11.30