Kommuneutvalsmøter i Haram og Ålesund 24. November

Kommuneutvalsmøter i Haram og Ålesund 24. November

Torsdag 24. November er det planlagt møte i kommuneutvala for Ålesund og Haram. Utvala skal mellom anna handsame fleire saker knytt til organisering og plassering av kommunale teneste.  

Kart-illustrasjon - Klikk for stort bileteKart over Ålesund kommune. Kommunedelen Haram er markert med grøn farge.

Møtet for Haram kommuneutval er på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg og møtet for Ålesund kommuneutval er i formannskapssalen på rådhuset i Ålesund. Begge møta vert direktesendt i Kommune-TV, og opptaka vert lagt ut i etterkant.  

Følgande saker står på sakslista. 

For kommuneutval Haram: 

  • Kommunedeling – organisering av kommunale tenester i NAV gjeldande frå 01.01.2024  

  • Kommunedeling - Organisering av brann- og redningstenesta frå 2024 

  • Kommunedeling - samarbeid mellom kommunane om dokumentasjonsforvaltning og arkiv  

  • Godkjenning av hovudprinsipp for politisk organisering - sak frå arbeidsutvalet  

  • Kommunedeling - organisering av landbrukstenestene frå 2024 

  • Utval for Haram kyrkjelege fellesråd 2024 - oppnemning av representant 

  • Val av valstyre Haram 2024 og Ålesund 2024 

  • Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023. Valdag og orientering om valgjennomføring 

  • Kommunestyrevalet 2023 i Haram og Ålesund. Fastsetting av stemmekretsar 

For kommuneutval Ålesund 

  • Kommunedeling – organisering av kommunale tenester i NAV gjeldande frå 01.01.2024 

  • Kommunedeling - Organisering av brann- og redningstenesta frå 2024 

  • Kommunedeling - samarbeid mellom kommunane om dokumentasjonsforvaltning og arkiv  

  • Kommunedeling - organisering av landbrukstenestene frå 2024 

  • Val av valstyre Haram 2024 og Ålesund 2024 

  • Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023. Valdag og orientering om valgjennomføring 

  • Kommunestyrevalet 2023 i Haram og Ålesund. Fastsetting av stemmekretsar 

I tillegg vil det vere orienteringar, ei felles om NAV ved kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes, og status kommunedeling ved respektive prosjektleiarar. 

Du kan sjå sakspapira eller følge sendingane på kommune-tv

Til toppen