Siste nytt

Kommunestyret skal diskutere innbyggarforslag, barnehagar og retningslinjer for kulturtilskot

Kommunestyremøte, foto fra 2019 - Klikk for stort bileteKommunestyremøte, foto fra 2019 Peder Otto Dybvik  Torsdag 18. februar er det nytt møte i Ålesund kommunestyre. På sakslista står blant anna nedlegging av tre kommunale barnehagar, innbyggarforslag om lokasjon for kloakkreinseanlegg og retningslinjer for kultutilskot. Møtet startar kl. 14.00 og er eit digitalt møte.Følg møtet via Kommune-TV eller på facebook. 

Foreslår å legge ned tre kommunale barnehagar

På sakslista til møtet den 18.02 står saka om nedlegging av tre kommunale barnehagar. Det gjelder Kvennaneset barnehage frå 01.08.21, Åsemulen barnehage frå 01.08.21 og Hildre barnehage frå 01.08.21.  Desse er ikkje valt ut med bakgrunn i at dei driv dyrare enn andre kommunale barnehagar , men ut frå at desse barnehagane har eit
korttidsperspektiv på drift knytt til byggtekniske rammefaktorar. Les meir i saka om nedlegging av barnehagar. 


Tildeling av festivalstøtte for 2021

Komiteen for kultur og medborgarskap tilrår til kommunestyret at festivalstøtta for 2021 på 650.000 kr blir tildelt slik: 

Den norske matfestivalen: kr 200.000,-
Ålesund kammermusikkfestival: kr 80.000,-
Seniorfestivalen: kr 30.000,-
Den blå timen: 15.000 kroner
Fjord Cadenza: 250.000 kroner
Havgaprock: 35.000 kroner
Jugendfestival: 40.000 kroner
Festivalstøtta skal dekkjast innanfor kommunalområdet sine vedtekne rammer.
 

På sakslista står óg dessa sakane:

 

  • Borgundvegen 217 - Riving av bolig (Gbnr. 134/1 - Vedtak) 
  • Tilskot Hildre Montessori barnehage
  • En leksebevisst skole
  • Ålesund kommune - plan for innføring av dysleksivennlege skolar
  • Forskrift om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad - etter høyring
  • Ny samarbeidsavtale mellom Ålesund kommune og Helse
  • Møre og Romsdal HF
  • Ny forskrift om opningstider for serverings-, sals- og skjenkestader, Ålesund kommune, Møre og Romsdal
  • Innbyggarforslag - krav om alternativ utgreiing av lokasjon for kloakkreinseanlegg for Ålesund kommune
  • Kulturminnestrategi med tiltaksplan for 2021
  • Retningslinjer for kulturtilskot i Ålesund kommune
  • Tildeling av festivalstøtte for 2021
  • Oppnemning av oppgåveutval til revidering av reglement for politisk arbeid i Ålesund kommune

 

Sjå møtet direkte

Møtet blir sendt direkte på Kommune-TV frå klokka 14.00. Du kan óg sjå møtet på vår offisielle Facebookside.  Sakspapir til møtet finn du i møteportalen vår. 

Til toppen