Siste nytt

Kommunestyret har avgjort fleire viktig og store saker

Nedlegging av barnehagar, kloakkreinseanlegg på Kvasneset i Sula og riving av det eldste huset i Ålesund, var nokre av sakene som vart avgjort.Klikk for stort bileteDet vart eit svært innholhaldsrikt kommunestyremøte med avgjerd i fleire store saker. Ordførar Eva Vinje Aurdal, kommunedirektør Astrid eidsvik og varaordførar Vebjørn Krogsæter. 

Kommunestyret har vedteke å avvikle drifta ved Kvennaneset barnehage og Åsemulen Barnehage frå 1. august. 54 stemte for avvikling av Kvennaneset og 58 stemte for avvikling av Åsemulen.

Sjå opptak frå møtet

Les sakspapira

Samstundes vedtok kommunestyret med 51 mot 26 røyster å oppretthalde drifta ved Hildre Barnehage. 

Eit fleirtal i kommunestyret vedtok også eit tilleggsforslag om at det skal greiast ut om Storhaugen Barnehage i Ålesund sentrum kan auke talet på barn. Storhaugen er den barnehagen som ligg nærast Kvennaneset.
I same møte vedtok kommunestyret å seie nei til å gi tilskot til å gi tilskot til å etablere ein Montesorri Barnehage på Hildre.

Prognosar for barnetal fram mot om lag 2024, syner at det totalt i kommunen vert ein nedgang i barnetalet på cirka 180 barn, før trenden ser ut til å snu og barnetalet aukar fram mot 2032. Nedgangen kjem i dei områda dei barnehagane som vert nedlagt ligg i.

Den økonomiske ramma tildelt dei kommunale barnehagane for budsjettåret 2021 er om lag 23 millionar mindre enn for driftsåret 2020. Det å unngå ROBEK har vore viktig for å kunne ha handlingsrom til å jobbe langsiktig med ein barnehagestruktur, skreiv kommunedirektøren i sitt saksframlegg.

Ved å gjere desse vedtaka no, er ein med på å sikre den ambisiøse investeringsplanen kommunen har i samband med bygging av nye skular og idrettshall, noko som er viktig for kommunestyret.

Innbyggarinitiativ krev ny vurdering av reinseanlegg

I overkant av 1500 innbyggarar har skrive under på eit krav om at Ålesund kommune gjer nye vurderingar for å finne alternativ lokasjon for kloakkreinseanlegg for Ålesund kommune.

Prosjektet er eit samarbeid med Sula kommune, og plasseringa av reinseanlegget er lagt til Kvasneset i Sula kommune etter vedtak i Sula kommune og Ålesund kommune i 2018.

Sula kommune skulle vere ansvarleg for å finne eigna lokalisering og ansvarleg for regulering av anlegget som skal ta seg av kloakkreinsing for 70.000 av innbyggarane i Ålesund og Sula.

Forprosjekt til nytt kloakkreinseanlegg er ikkje ferdig.  Planen er at dette skal leggast fram for kommunestyret i juni. Der etter skal planen ut på høyring før ein gjer endeleg vedtak.

Kommunestyret gjorde følgande vedtak:

Kommunestyret finn at innbyggarforslaget oppfyller lova sine krav til behandling jf. kommunelova § 12-1. Kommunestyret vedtek å ikkje gå vidare med forslaget om utgreiing av alternativ lokalisering no.

Kommunestyret syner til vedtak i Ålesund bystyre 03.05.18, der det vart inngått eit samarbeid med Sula kommune om Kvasnes. Arbeidet med lokaliseringa på Kvasnes er no kome så langt at kommunestyret vil avvente resultatet av dei endelege rapportar og kostnadsanalyser her, før ein vil ta stilling til om nye alternativ og utgreiingar kan bli nødvendig.

Merknadane og innspela i innbyggarinitativet må takast med i den endelege vurderinga av forprosjektet.
Kommunestyret ber om informasjon om kva dei totale utslaga dei ulike alternativa for kloakksystem og reinseanlegg vil få på avløpsutgiftene
.

Helsekonsekvens av vindkraft

Rødt fremma forslag om at kommuneoverlegen saman med NTNU og andre relevante forskingsmiljø skal kartlegge dei negative konsekvensane av vindkraft. Årsaka er at fleire på Haramsøya melder om stress, sorgreaksjon og stor mental påkjenning i samband med utbygging av vindkraft.

Kommunestyret tok ikkje stilling til sjølve forslaget, men bestemte seg mot 15 røyster at saka skal behandlast i formannskapet. 

Utvida skjenketider

Kommunestyret har vedteke ei ny forskrift for opningstider for serverings,- sals- og skjenkestader. Forskrifta skal ut på høyring.

Dei fem tidlegare kommunane har hatt ulike skjenketider. Dei nye reglane inneber at ein i realiteten har dei same opningstidene som i gamle Ålesund. 

Innstillinga betyr opningstid til klokka 03.00 og skjenking av alkohol til 02.00.
Skjenking av alkoholholdig drikke i gruppe 1 og 2 kan skje frå klokka 08.00 til 02.00 alle dager.
Skjenking av alkoholholdig drikke gruppe 3 kan skje frå klokka 13-02.00 alle dagar.

Ja til å rive gammalt hus

Kommunestyret har sagt ja til ein dispensasjonssøknad, og dermed gitt lov til å rive Borgundvegen 271. Vedtaket vart gjort med 48 mot 29 røyster.

Delar av huset er frå 1600-talet, men fleirtalet i kommunestyret meinte at bustaden var i så dårleg stand at fleirtalet godkjente riving. Sunnmøre Museum har vore kontakta med tanke på å flytte huset, men dei var ikkje interessert i å overta huset.

Tildeling av festivalstønad

Ålesund kommunestyre har vedteke å tildele 700.000 kroner i festivalstønad i 2021. 
Følgande fekk pengar frå kommunen:

  • Den norske matfestivalen: 200.000 kroner
  • Ålesund kammermusikkfestival: 80.000 kroner
  • Seniorfestivalen: 30.000 kroner
  • Den blå timen: 15.000 kroner 
  • Fjord Cadenza: 250.000 kroner
  • Havgaprock: 35.000 kroner
  • Jugendfestival: 40.000 kroner
  • Båtfestivalen 50.000 kroner
     
Til toppen