Kommunestyret følger opp kommunedeling i ekstraordinært møte

I etterkant av kommuneleiinga sitt møte med statsråd Gjelsvik, har ordføraren kalla inn til nytt møte i kommunestyret. Møtetid er torsdag 26. januar, klokka 14. Det vert gjennomført digitalt, og kan dermed berre sjåast på kommune-TV.

talerstol i bystyresalen i Ålesund  - Klikk for stort bilete Peder Pttp Dybvik

I møtet med statsråden 12. januar kom ein ikkje nærmare ei avklaring om kva delingskostnadar som vil bli dekt av staten. Kommunen har heile vegen føresett at ein får dekt alle kostnadar knytt til delingsprosessen, jamfør vilkår satt av kommunestyret i samband med delingssøknaden 17. mars, og igjen i samband med budsjettvedtaket 27. oktober.

Kritisk fase

Kommunedirektøren opplyser at delingsprosessen no inne i ei periode der ein må gjere store og tunge IKT-investeringar, og at det ikkje er forsvarleg å fortsette pengebruken på delinga før ein har fått ei avklaring om kva som vert dekka. Kommunedirektøren meiner at om det ikkje kjem ei avklaring rimeleg snart, er det fare for at ein ikkje vil rekke å få system på plass tidsnok til at dei to nye kommunane er klare frå 1.1.24.

I møtet 26. januar skal kommunestyret ta stilling til om dei vil vedta eit av to forslag frå ordføraren. Anten å stanse delinga fram til finansieringa er avklart, eller å stanse delinga og å be stortinget oppheve vedtaket slik delinga ikkje vert gjennomført.

Meir informasjon og direktesending

I møteinnkallinga kan du lese sakshistorikken, forslaga i sin heilskap og opplysningane frå kommunedirektøren.

Møtet vert gjennomført digitalt, og det er derfor ikkje mogleg å følge det fysisk. På kommune-TV kan du sjå sendinga direkte, eller som opptak i etterkant.