Kommunestyret ber om stopp i delinga utan sikra finansiering

Torsdag 5. januar var det møte i Ålesund kommunestyre. Det var berre ein sak på agendaen, utgiftsdekning til kommunedelingsprosessen.

Møtedeltakarar med skjerm i bakgrunnen - Klikk for stort bileteDagens møte var digitalt Jon Åge Giske Andersen

27. oktober vedtok kommunestyret eit budsjett for kommunedelinga som vart sendt som søknad til Kommunal- og distriktsdepartementet, med forutsetning om ei bindande avklaring innan 31. desember 2022. 

Ålesund kommunestyre har ikkje fått svar på søknaden i tråd med den fristen kommunestyret hadde satt. I eit ekstraordinært møte 5. januar vedtok derfor kommunestyret å be Stortinget gjere om på delingsvedtaket sitt, og å så langt som mogleg stoppe alle eksterne kjøp av varer og tenester i tilknytting til kommunedelinga.

Avklaringa må komme no

Mann profilbilde - Klikk for stort bileteJon Steven Hasseldal

Kommunedirektøren oppfattar at politikarane er tydelege på at dette ikkje er eit forsøk på omkamp i delingsprosessen. Det er eit klart signal til regjeringa om at ein forventar at lovnader om å få dekka naudsynte delingskostnadar følgast, og at avklaringa kjem no. 

Ålesund kommune har arbeida godt med kommunedelinga og er i rute etter framdriftsplanen, men tidsplanen er stram og det skal ikkje store utsettinga til før ein ikkje vil rekke fristen med å etablere to nye kommunar 1.1.24.  

Møte med Statsråden

Kommunedirektøren er derfor glad for at Statsråden i dag har invitert Ålesund kommune til møte 12. januar om delingskostnadane. Vi får håpe at dette møtet kan bidra til ein fortgong i prosessen og ei trygging for at kostnadene dekkast.

Inntil vi får ei avklaring frå departementet vil ein i tråd med kommunestyrevedtaket så langt som mogleg stoppe alle eksterne kjøp av varer og tenester. Vi må likevel fortsette med det arbeidet som ikkje er påverka av dette vedtaket, om vi skal vere i stand til å komme i mål i tide.