Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 på kvardagar.

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

Siste nytt

Kommunestyremøte onsdag 25. mars

Klikk for stort bildeKommunestyremøte web-tv facebook.jpg Ålesund kommunestyre har møte onsdag 25. mars. Det er ei sak som skal behandlast og den gjeld midlertidig overføring av mynde til formannskapet. Møtet blir gjennomført på Skype og sendt på web-tv frå kl. 14.00-18.00. 

Den eineste saka som skal til behandling gjeld midlertidig overføring av mynde til formannskapet. I tillegg er det invitasjon til eit skypemøte onsdag 25.03.20 kl. 14.00 i hovudsak for å informere om saka. 

Saka om utvida mynde til formannskapet bør gjerast så snart som råd, og saka vert derfor fremma etter reglane om skriftleg saksbehandling med heimel i kommunelova § 11-8. 

Forslaget vert vedteke dersom samtlege medlemmer sluttar seg til det framlagte forslaget, og til at vedtaket vert gjort etter skriftleg saksbehandling.

 

Sjå web-tv sending
 

Informsjonsmøtet blir sendt direkte på web-tv frå klokk1 14.00. Sakspapir blir gjort tilgjengeleg på vår Møteportal om kort tid. 

Til toppen