Kommunenamn og medlemmar til to kommuneutval

Kommunenamn og medlemmar til to kommuneutval

Torsdag 16. juni vart det bestemt i kommunestyret å opprette to utval som skal behandle saker som gjeld førebuing og etablering av Haram kommune og Ålesund kommune frå 01.01.2024. Namn på kommunane er òg bestemt. 

Kart-illustrasjon - Klikk for stort bileteKart over Ålesund kommune. Kommunedelen Haram er markert med grøn farge. 

Namna på dei to kommunane skal vere Ålesund kommune og Haram kommune. I samsvar med vedtak i kommunestyremøte 19.05.22, sak 58/22 skal Ålesund kommune ha 47 medlemmer i kommunestyret. Haram kommune skal ha 27 medlemmer i kommunestyret. Endringane skjer frå kommunestyra sine konstituerande møte i oktober 2023.

Oppnemning av medlem til to kommuneutval

Dei to utvala har funksjonstid fram til dei nye kommunestyra er konstituert oktober 2023. Det skal vere 11 medlemmar i kommuneutval Haram og 11 i Ålesund, og varamedlemmar. 


Medlemmar i Ålesund kommuneutval:

Faste medlemmar:

  • Anne Berit Støyva Emblem, A (leiar)
  • Geir Ove Leite, A
  • Sindre Nakken, A
  • Thorbjørn Fylling, Frp
  • Rolf-Magne Asbjørnsen, Frp
  • Jessica Gärtner, H
  • Frode Andresen, H
  • Monica Molvær, H (nestleiar)
  • Randi Asbjørnsen, Ålesundslista
  • Helga Krogsæter Ytrebø, Sp
  • Jarle Hauge Steffenssen, MDG

Vara medlemmar (9 stk):

  • Hans Endre Sæterøy, V
  • Ester Walgermo, KrF
  • Håkon Lykkebø Strand
  • Janet Roelofs, Sp
  • Nils Petter Sjøholt, PP
  • Anders Lindbeck, SV
  • Merete Nykrem, PDK
  • Janita Kvistad, Rødt
  • Tore Hovland, Ålesundslista

Medlemmar til Haram kommuneutval:

Faste medlemmar: 

  • Emil Korsnes, Ap
  • Siv Ulla, Ap (leiar)
  • Cine Austnes, Frp (nestleiar)
  • Ole Petter Aarsund, Frp
  • Lisa Alvestad, Sp
  • Vebjørn Krogsæter, Sp
  • Ann Mari Skarbø, SV
  • Adrian Holmeset, Ålesundslista
  • Kathrine Beite, H
  • Audun Tennfjord Mikaelsen (H)
  • Åge Vikestrand, KrF

Vara medlemmar (9 stk):

  • Joakim Skaar, MDG
  • Heidi Bjurbeck, Rødt
  • Paul Johny Gundersen, Frp
  • Randi Frisvoll, KrF
  • Guttorm Kjerstad, Sp
  • Caroline Grønli, Frp
  • Johan Gjendemsjø, PDK
  • Elin Grete Vatnehol, A
  • Eivind Davik, Sp


Praktisk informasjon om kommuneutvala

Kommuneutvala kan opprette arbeidsutval. Desse skal ha minimum 3 medlemmar. I vedtaket stod det óg at når Stortinget har fatta vedtak om deling vert kommuneutval Haram gitt mynde til å iverksette prosessen med å tilsette prosjektleiar/kommunedirektør for nye Haram. Kommunedirektøren stiller administrativ støtte til disposisjon for utvalet. Mynde til tilsetting av kommunedirektør vert avklart i delingsforskrifta.

Sjå vår samleside om kommunedeling for informasjon om framdrift med meir. 

Til toppen