Kommunen tar grep for å sikre Fjelltunvegen

Det har i mange år vore utfordringar og til tider farlege situasjonar knytt til trafikksituasjonen langs Volsdalsbakken, Setrevegen og Fjelltunvegen, som fører trafikk opp til Aksla stadion og Fjellstua. No vil kommunen finne ei løysing.

torg med offentlig bygg i bakgrunnen - Klikk for stort bileteÅlesund rådhus Torill Myren/Ekkoloddet

Dei trafikale problema langs Volsdalsbakken, Setrevegen og Fjelltunvegen er fleire, og ganske samansette. Det er i periodar veldig mykje trafikk og for høg fart, og det er deler av området der det ikkje er godt nok tilrettelagt for gåande og syklistar. Dette kan skape farlege situasjonar, og kan vere ein beredskapsrisiko. Til tross for at fartsgrensa er 30 km/t i heile dette området, har radarmåling vist betydeleg høgare hastigheiter. 

Ingen rask løysing

Særleg i turistsesongen er talet på både køyretøy og gåande svært høgt. Ålesund kommune og andre aktørar har gjort fleire forsøk på å avbøte situasjonen tidlegare.

Det er ikkje råd å løyse desse problema fullstendig no i år. Kommunen startar arbeidet med å lage ein ny trafikktryggingsplan for heile kommunen neste år. Det er ein plan som skal ha brei involvering frå mellom anna publikum, skular, velforeiningar, politi, og andre vegetatar. Løysinga ligg altså litt fram i tid. Målet er å finne dei riktige løysingane, og å finne kjelda til problema.

Dette gjer vi no

Kommunen har likevel bestemt seg for å sette inn nokre strakstiltak, i samarbeid med næringslivet, lokale foreiningar og nødetatane. Den fremste prioriteten her er å sikre dei gåande og syklande, slik at byens befolkning får nytte seg av sitt fremste rekreasjonsområde.

Tiltaka inkluderer: 

  • Betre skilting og merking av fartsgrense, gangfelt og overgangsfelt.
  • Fartskontrollar i regi av Politiet.
  • Nødetatane skal gjere ei samla risikovurdering.
  • Dialog med Ålesund cruisenettverk og Møre og Romsdal fylke om utfordringane.