Kommunen sitt delegeringsreglement ligg på nett

Kommunen sitt administrative delegeringsreglement er godkjent av kommunedirektøren og ligg no på nett. 

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Føremålet med reglementet er å sikre fordeling av ansvar og myndigheit internt i organisasjonen, gje grunnlag for god verksemdstyring og internkontroll, samt sikre ei rasjonell og effektiv forvaltning av kommunen. Leiarar har utstrakt myndigheit og stort handlingsrom i eigen verksemd, og skal ha dei fullmaktene som er naudsynte for å sikre drift og utvikling av eigen verksemd, samtidig som vi ivaretek samordning på strategisk og operativt nivå.

Lenke til Ålesund kommune sin portal i KF Delegering ligg tilgjengeleg på kommunen si nettside. Her kan ein gå inn via lov og sjå kvar den einskilde paragraf er delegert, eller ein kan gå via organisasjonsstrukturen og sjå kva som er delegert til den einskilde stilling.

Lovreglar av generell karakter som angir en plikt for kommunen er ikkje delegert nedover i organisasjonen.

Direkte lenke til det administrative delegeringsreglementet.