Hovudregelen er at alle som passerar grensa harplikt til å gjennomføre karantene i 10 døgn på karantenehotell. Men det er gjort unnatak for dei som kan legge fram stadfesting på at t arbeids- eller oppdragsgivar sørger for egna opphaldsstad der det er mogleg å unngå nærkontakt med andre.
Ein godkjend bustad for karantene skal ha følgande:
- Eige einerom/soverom med fjernsyn og internett
- Eige toalett og bad
- Eige kjøkken eller matservering.
Om ein ikkje har egna bustad, skal dei innkvarterast på eit av karantenehotella i Ålesund. Eigeandelen her er 500 kroner per døgn. Ein kan med andre ord ikkje bruke anlegg med felles kjøkken og bad til karantenebustad.
Slit med å halde reglane
-Vi har sett at fleire arbeidsgivarar er flinke til å holde reglane. Samstundes har vi også sett fleire eksempel der ein ikkje klarer å følgje reglane for karantene, seier fungerande beredskapssjef i Ålesund kommune, Anne Mette Liavaag.
Fleire av dei som kjem til Noreg, er heller ikkje klar over at det er obligatorisk testing ved grensa, og at alle må ha ein koronatest frå heimlandet som ikkje er meir enn 24 timar gamal.
-Det er svært viktig at arbeidsgivarane gir god informasjon om reglane som gjeld når dei kjem til Norge. Vi er bekymra for at ikkje alle har tatt dette ansvaret fullt ut, seier Liavaag.
I samband med smittesporing, har kommunen blitt kjend med kritikkverdige forhold. Arbeidstilsynet har dette som prioritert tilsynsoppgåve no kontakt.
-Men vi ynskjer i første rekke ein god dialog med næringslivet. Derfor er det viktig at dei tek kontakt om dei er usikre på reglane, eller om dei er usikre på om bustadane dei har til rådvelde er egna for karantene, seier Liavaag.
NHO på tilbodssida
– NHO er svært opptatt av hvor viktig det er at arbeidsgiverne kjenner til og holder seg innenfor regelverket. Vi er spesielt opptatt av det som går på innreise og innkvartering, seier regiondirektør i NHO Espen Remme.
Han understreker at NHO står klar til å hjelpe verksemder som treng hjelp.
-NHO har ei nettside som heiter arbinn.no. Her kan dei næringsdrivande søke informasjon. For medlemmar i NHO er det også ein eigen koronatelefon der ein kan få svar på spørsmål, seier Remme.
Han er opptatt av at alle næringsdrivande som har utanlandske arbeidarar er klar over reglane og pliktene dei har. Dette gjeld alt frå dei store verksemdene til ein liten restaurant med ein eller to utanlandske tilsette.
-Smittevernet er i stor grad basert på tillit. Vi oppmodar alle til å følge reglane. Erfaringane er at dei store selskapa har betre rutinar enn dei mindre. Vard er eit godt føredøme på gode rutinar, seier Remme.
Trass i mange smittetilfelle frå tilreisande arbeidarar, ser vi heldigvis lite smitte frå gjestearbeiderar og ut til lokalbefolkninga.
Meir info:
Arbinn | Arbeidsgiverportal fra NHO