Renate Finnøy, avdelingsleiar Sandøy Heimeteneste, var ei av dei som delte sine erfaringer
Jon Åge Giske Andersen
Under samlinga i bystyresalen fekk deltakarane ei oppdatering frå prosjektleiar Ann Kristin Røyset. Fleire leiarar delte sine erfaringar med prosessen så langt, frå talarstolen.
Deltakarane fekk også høyre om erfaringar frå andre kommunar, som Indre Fosen og Trondheim, frå regional innføringsansvarleg Frank Harneshaug.
Prosjektleiar Røyset er tydeleg på at det vil bli travelt fram mot "go live", då det nye systemet skal settast i verk.
“Dette blir travelt. Dei som likar gjærbakst tilråder eg å bake opp frysaren no."
Leiarane for kommunalområde Helse var samla i bystyresalen
Jon Åge Giske Andersen
Ny samla løysing
Ålesund kommune skal ta i bruk Helseplattformen som ny elektronisk journal og samhandlingsløysing frå 29. april 2023.
Ålesund kommune gjer dette fordi:
-
Vi treng ny elektronisk pasientjournal-løysing som erstatning for dagens fragmenterte løysingar
-
Vi når det nasjonale målbildet «Ein innbyggjar – ein journal»
-
Vi får betre samhandlingsløysing mellom dei ulike nivåa i helsetenestene, og reduserer risikoen for pasientskade
Kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes er glad for at ein no nærmar seg lanseringsdato.
“No er vi kome godt i gang med kursing av dei tilsette, og ser fram til å få jobbe i den nye løysninga.”
Kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes opna møtet
Jon Åge Giske Andersen
Krevjande arbeid
Dette er eit stort prosjekt som krev svært mykje av organisasjonen vår. Dei tilsette som skal nytte løysinga skal ha opplæring både gjennom kursing og eigentrening slik at dei har best mogleg utgangspunkt for å ta løysinga i bruk.
Det skal også gjennomførast eit stort arbeid med å overføre data frå journalsystemet vi nyttar i dag til Helseplattformen.
Kommuneorganisasjonen arbeider målretta for at pasientar, pårørande og samarbeidspartar i så liten grad som råd skal få ulemper som følgje av omleggingane.