Illustrasjonsbilde
Ålesund kommune, Marit Brunstad
På fredag fekk Ålesund kommune svar på søknad om økonomisk kompensasjon til kommunedeling, og det vart derfor sendt ut ei sak til formannskapet, som dei tok stilling til skriftleg.
I dag vart det klart at formannskapet er samrøystes om at kommunedelinga kan fortsette. Vedtaket er som følger.
- Ålesund formannskap vedtek at arbeidet med å etablere nye Ålesund kommune og Haram kommune, og avvikling av noverande Ålesund kommune, vert starta opp att så snart som råd.
- Ålesund formannskap føresett at eventuelle meirkostnadar utover dei 200 millionar kroner som regjeringa har gitt lovnad om vert dekka etter søknad frå Ålesund kommune.
Klar til å gå vidare
Med rammene klare, kan ein no ta fatt på alt arbeidet som har stått på vent. Avtalar må på plass, bemanning i dei to nye kommunane kan planleggast, og ein kan tilsette dei ein treng i prosjektfasen.
Prosjektleiarane, Anders Norvald Hammer og Regine Bruteig
Jon Åge Giske Andersen
Sjølv om tidsplanane må lagast på nytt, har prosjektleiarane trua på at delinga skal kunne gå sin gang.
“Vi har nok brukt opp slingringsmonnen vår, men om vi kjem godt i gong no, er vi overtydde om at vi skal kunne komme i mål”.
Nye stillingar
I tida framover vil det verte lyst ut fleire stillingar knytt til kommunedelinga. Ein ønskjer å få opp arbeidskapasiteten i område med stor belastning under sjølve delinga, særleg knytt til IKT og HR.
Ein tek og sikte på å starte tilsettinga av leiarar til Haram 2024. Dei første stillingane ein vil lyse ut i den nye kommunen er tre av kommunalsjefstillingane. Dette er prosessar ein ønskjer å komme i gong med så raskt som råd.