Kommunedeling og adresser

Har du lurt på om den føreståande kommunedelinga vil ha konsekvensar for vegnamn eller adresser? Svaret på dette nei, ingenting blir endra.

Vegskilt der Brattvåg og Ålesund peiker forskjellige veger - Klikk for stort bilete Torill Myren

Ved kommunesamanslåinga i 2020 skjedde det ei rekke endringar på både vegnamn, adresser og gards- og bruksnummer. Når dagens Ålesund frå 1.1.2024 blir splitta i nye Haram og nye Ålesund kommunar skjer det derimot fint lite når det gjeld desse tinga.  

Her følger ei kort oppsummering av kva som vil skje:

  • Den nye kommunegrensa vil gå på same stad som den var før samanslåinga i 2020.
  • Ingen vegnamn eller husnummer blir endra og ingen adresser skiftar postnummer.
  • Det er to gjennomgåande vegar som blir delt i den nye kommunegrensa, men vegnamn, husnummer og postnummer vil bli vidareført. Dette gjeld:
    • Kleivavegen, som kun har husnummer i nye Haram kommune (97-175-10-76 = 6264 Tennfjord)
    • Stettevegen, som får husnummer i begge kommunar (nye Ålesund; 73-405, 76-440 = 6260 Skodje og nye Haram 669-745 = 6264 Tennfjord)
  • Gards- og bruksnummer vil bli uendra i begge kommunar. Gardsnummer 303-481 blir liggande i Haram kommune, resten blir i Ålesund.
    Er du usikker på kva gards- og bruksnummer er? Då kan du lese meir om det her.

Nye kommunenummer

Ved delinga blir kommunenummer 1507 Ålesund historisk og følgande nye kommunenummer vil vere gjeldande:

  • Kommunenummer 1508 Ålesund
  • Kommunenummer 1580 Haram