Kommunedeling i formannskapet

Kommunedeling i formannskapet

Formannskapet i Ålesund har møte tysdag 6. september frå klokka 09:30. Over halvparten av sakene denne gangen gjeld deling av Ålesund til to nye kommunar.

Kommuneutval Haram utanfor ID-husetKommuneutval Haram (bildet) og kommuneutval Ålesund har kome med uttale til dei sakene som gjeld deling av kommunen frå 1. januar 2024.

Formannskapet skal kome med innstilling til kommunestyret i desse kommunedelingssakene:

  • Prinsippfråsegn for deling av Ålesund kommune
  • Prinsippavklaringar for IKT ved kommunedeling
  • Interkommunalt samarbeid og eigarskap ved deling
  • Mandat for kommuneutval Haram og kommuneutval Ålesund
  • Kommunedeling – justering av forskrift om folkevalde sine rettar
  • Delegering av mynde – tilsetting av kommunedirektørar og anna nøkkelpersonell
  • Uttale frå Ålesund kommune til – høring av utkast til forskrifter om gjennomføring av deling av Ålesund kommune

Det er også nokre andre saker på sakskartet:

  • Uttale frå Ålesund kommune – Høyring – forslag til endringar i valforskrift og forslag til forskrift om val til kommunestyre og fylkesting
  • Spørsmål om gjeldssanering for G.A.D Partner AS
  • Sørsida Utvikling AS – framdrift og vidare kapitalisering
  • Oversendingsforslag vedkomande Møreaksen AS

Møtet i formannskapet blir direktesendt på Kommune-TV.

På kommunen si nettside ligg også sakspapira.

Til toppen