Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Kommunal koronatelefonen vert lagt ned torsdag 30. april

Tilbodet med eigen koronatelefon i Ålesund kommune vert avslutta 15.30 torsdag 30. april.Koronavirus  - Klikk for stort bildeKoronavirus  

Frå og med 1. mai må dei som har behov for å samtale og informasjon, ringe Folkehelseinstituttet sin informasjonstelefon på 815 55 015.

Kommunen si telefonlinje 70 16 40 60 vert teken ut av bruk. Den vart opprett dagen etter at WHO erklærte gobal pandemi den 11. mars.

Dei tre første vekene var det ekstrem pågang på telefonlinja, og det har vore umogleg å registrer kor mange samtalar som vart gjennomført. Dei første vekene hadde vi fleire hundre om dagen. Mange av dei handla om  testkriterier og karantenereglar,  fortel Line Melbye som er avdelingsleiar for helsestasjonar og skulehelsetenesta.  

I vekene etter brukte mellom 20-30 personar tenesta kvar dag. 

Gode nasjonale tenester reduserer behovet for lokale telefonar

Det er fleire grunnar til at kommunen no avsluttar tilbodet. 

Det har generelt vore ein nedgang i mengda førespurnader til telefonen den siste tida.  Dei fleste som ringer, ønsker svar på spørsmål om test og testkriterier.  Slik opplysningar ligg lett tilgjengeleg på folkehelseinstituttet.no og helsenorge.no, fortel Melbye.

Dei siste vekene har to heile sjukepleiarstillingar vore knytt til telefontenesta. På det meste svarte ni personar på spørsmål frå innbyggarane dagleg. 

Innbyggarane er òg blitt flinkare til å nytte dei nasjonale linjene for rådgjeving og nettprat. Desse linjene er framleis opne, og kan ringast eller ein kan opne ein nettprat. Også desse tenestene ligg lett tilgjengeleg på folkehelseinstituttet.no og helsenorge.no

Kan opnast om behovet aukar igjen

Dersom det skulle vise seg at behovet for ein slik telefonteneste er til stades seinare, må ein vurdere om ein skal opne den igjen, seier Melbye. 

Det er viktig å understreke at ein framleis ikkje skal ringe legevakta med generelle spørsmål om korona.  Det er berre personar som er sjuke og har behov for legehjelp skal ringe legevakta.

Det er svært viktig at innbyggarane ikkje no brukar legevakta som ein informasjons- og rådgjevingstelefon! 

Dersom du fyller kriteria for testing, skal du kontakte legevakta for avtale. Dersom du er sjuk og treng legehjelp, skal du på dagtid kontakte fastlegen din og på kveld natt kontakte legevakta. 

Du finner informasjon og konkrete råd om koronaviruset på heimesidene til: 

•         Ålesund kommune:  Informasjonsside om korona
•         Helsenorge:   Helsenorge si informasjonsside om korona
•         Dersom du lurer på om du skal teste deg: Testkriterier
•         Kommunen sitt nettprat-tilbod til barn og unge fortsett som før!.

Innbyggarane kan framleis sende spørsmål om koronasituasjonen på e-post: korona@alesund.kommune.no

Til toppen