Koronavirus

Siste nytt

Kokevarsel på Vatne frå mandag

Måndag kveld frå klokka 21 vert vassverket på Vatne stengt i ei periode på nokre timar. Dei fleste abonnentar vil under arbeidet få vatn frå Grytastranda vassverk.Klikk for stort bilde 

Etter omkoplinga som vert utført måndag vert vatnet berre desinfisert med klor for ein periode på opp til tre veker. Årsaka er at UV-aggregatet skal byttast ut. 

Abbonentane kan då oppleve lukt og smak av klor, spesielt for dei som bur nært vassverket. Ein vil heller ikkje oppnå 100% desinfisering av vatnet. Vatn som skal drikkast må difor kokast. 

Vi vil ta hyppige vassprøver, og kjem tilbake med meir informasjon dersom kravet til koking endrar seg. Grunna endring i vasskvaliteten kan enkelte også oppleve partiklar i vatnet.

Skal utbetrast

Vassverket på Vatne er i ein prosess med ombygging for å tilføre ei ekstra hygienisk barriere i form av ozonbehandling. Dagens anlegg er basert på desinfeksjon med UV-aggregat. Den nye ozonbehandlinga er ein prosess som også fjernar farge på vatnet. Vassverket forsyner kommunale abonnentar i Vatne/Tennfjord-området samt Hellestranda vassverk.

Henting av vatn

Vi vil plassere ut 10-liters posar med drikkevatn på Joker Vatne og Bunnpris Eidet som kan hentast ved behov. Ein oppmodar likevel flest mogleg til å koke vatnet. Om nokon av ulike årsakar treng, men ikkje kan hente vatn sjølv, kan de kontakte innbyggartorget i Brattvåg på telefon 70207500 for å bestille utkøyring av vatn, seier Camilla Waagbø Nilsen, avdelingsleiar - Vatn, indre og nordre.

Vidare arbeid

-Ein går inn i siste fase av ombyggingsarbeidet, som vi forsøker å gjere til minst mogleg ulempe for abonnentane. Det kan likevel bli fleire korte periodar med til dømes redusert vasstrykk. Når arbeidet er ferdig vil vi kunne levere vatn med gode hygieniske barrierer, opplyser Nilsen.
 

Til toppen