Kjønn, identitet og barn

I 2022 vart Ålesundsbiblioteka kontakta av to innbyggarar som ønskte å halde eit arrangement om kjønnsinkongruens hos barn og unge, og om lov om endring av juridisk kjønn (2016) og kva for konsekvensar denne har for kvinner. Programmet lanserast 23. mai og vi skal halde arrangement fram til hausten.  

Tekst på bilde kjønn, identitet og barn.jpg - Klikk for stort bilete

- Vi vurderer alle førespurnader og denne førespurnaden vurderte vi også, fortel Nesteren Hasani som er avtroppande biblioteksjef ved Ålesundsbiblioteka.

Det blei lagt vekt på at vi er juridisk styrt av biblioteklova og at formålsparagrafen til biblioteket seier:  

§ 1.Målsetting 
Folkebiblioteka skal ha til oppgåve å fremje opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd, gjennom aktiv formidling og ved å stille bøker og andre medium gratis til disposisjon for alle som bur i landet. 

Folkebiblioteka skal vere ein uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt. 
Det einskilde bibliotek skal i sitt tilbod til barn og vaksne legge vekt på kvalitet, allsidigheit og aktualitet. 

Biblioteka sine innhald og tenester skal gjerast kjent. 
Folkebiblioteka er ledd i eit nasjonalt biblioteksystem.

Det er juridisk pålagt at bibliotek skal vere uavhengige møteplassar og arenaer for offentleg samtale og debatt.  

- I vår oppgåve som debattarena er det biblioteket ved biblioteksjefen som har redaktøransvaret. Vi sa dermed ja til denne førespurnaden, men har valt å inkludere fleire røyster med forskjellige synspunkt og erfaringar for å bevare formålsparagrafen, seier ho.

Derav har vi laga ei samtalerekke der fleire perspektiv vil representerast. Denne rekka heiter Kjønn, identitet og barn. I samtalerekka skal vi ha psykologiske, sosiologiske, helsefaglege og personlege blikk på kjønnsinkongruens, feminisme, kvinnerettar, transrettar og det moderne samfunnet.

Programmet lanserast 23. mai og det blir arrangement fram til hausten.  

- Vi ønsker dykk velkommen på desse arrangementa, og ønsker at det blir ein vennleg og inkluderande tone på alle arrangement. Det er stor moglegheit for at vi har forskjellige meiningar om dette temaet, men på biblioteket ønsker vi at alle skal respekterast og at vi har rolege tilnærmingar til kvarandre, seier ho. 

Arrangement og meir informasjon finn du på facebooksida til Ålesund bibliotek