Kjem heim med mange nye vennskap i kofferten

Kjem heim med mange nye vennskap i kofferten

Førre veke reiste 9 ungdommar frå Ålesund kommune til Nordisk vennskapsbyveke i Lahti, Finland. Dei fekk eit opphald spekka med aktivitetar og vennskap!Flere ungdommer som poserer med store bokstaver med ordet Lahti - Klikk for stort bilete  

Kort om Nordisk vennskapsbyveke

  • Gjennom morosame og kreative aktivitetar blir ungdom kjend med andre ungdommar frå Lahti i Finland, Akureyri på Island, Randers i Danmark, og Västerås i Sverige, som alle er Ålesund kommune sine vennskapsbyar i Norden.
  • Ungdom i alderen 16 til 20 år får dekt reiseutgifter og opphald.

I Lahti fekk dei med anna være med på «Amazing Lahti cityrace», lære å synge den finske songen «Teit meistä kauniin», lage utandørs kunst sti gjennom skogen, og diskutere ungdommane si påverking i sine respektive byar.

Ungdommane frå dei andre vennskapsbyane kunne og by opp til islandsk folkedans og svensk midtsommerfeiring under den daglege morgongymnastikken.

På slutten av veka vert det storfeiring med nordisk aften på Saurahuone hotel, saman med politikarar og representantar frå alle vennskapsbyane, der ungdommen fekk presentere vekas aktivitetar gjennom song, dans, poesi og kreative innslag.

Ei super veke for ungdommen frå Ålesund, som kjem heim med mange nye vennskap i kofferten.

Til toppen