Siste nytt

Kartlegging av havbotn i Aspevågen startar opp!

Foto av Ålesund frå lufta. - Klikk for stort bileteFlyfoto Ålesund sentrum Harald M. Valderhaug Ålesund kommune planlegg opprydding av forureina sjøbotn i Aspevågen. I løpet av hausten 2021 skal det gjennomførast fleire undersøkingar i sjø, og arbeidet starta opp i dag 15. november. 

Aspevågen har i lang tid vore prega av ulike former for industriaktivitet. Saman med ei rekke andre forureiningskjelder har dette bidratt til at sjøbotnen i hamna er sterkt forureina.

- Aspevågen er derfor valt ut som eitt av 17 områder i Norge prioritert for opprydding av forureina sjøbotn. Dette arbeidet følges opp gjennom prosjektet Reinare fjord Ålesund, som styres av Ålesund kommune, seier Sol Berntsen Slinning, prosjektleiar for Reinare fjord. 

Rambøll skal kartlegge havbotn 

Våren 2021 valte Ålesund kommune Rambøll som rådgivande firma for videre arbeid med Reinare fjord prosjektet. Dette inneber mellom anna at Rambøll skal gjennomføre ytterlegare kartlegging av miljø- og grunnforhold, samt prosjektere oppryddingstiltak for å oppnå betre miljøtilstand på sjøbotnen i Aspevågen. Ålesund kommune og Rambøll starta samarbeidet like før sommaren, og allereie i løpet av hausten vil Rambøll med underleverandørar gjennomføre ei rekke undersøkingar i Aspevågen. 


Undersøkingane som skal gjennomførast er:

  • geotekniske undersøkingar
  • prøvetaking av sediment på sjøbotnen
  • undersøkingar av straumforhold
  • videoundersøkingar av sjøbotnen og vraket «Iris»
  • undersøkingar for å kartlegge eventuelle udetonerte eksplosivar på sjøbotnen

Kartlegging av eventuelle udetonerte eksplosivar gjennomførast for å redusere risiko ved gjennomføring av tiltak.

Viktig å nå miljømåla for prosjektet

Resultata frå undersøkingane skal brukast som grunnlag for å vurdere kva tiltak som bør gjennomførast for å nå miljømåla for prosjektet. Resultata er også grunnlaget for vidare prosjektering av dei anbefalte tiltaka. Kartlegginga starta 15. november og fortsett utover hausten. 

Les meir om Reinare fjord på prosjektet si samleside. 

Til toppen