NGU
Arbeidet skjer i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, som eit ledd i kartlegginga av mineralressursane i fylket. Flygingane skjer i eit område frå Eide i nordaust til Julsundet i vest, og frå Isfjorden i søraust til Sjøholt/Skodje i sørvest.
I undersøkinga bruker NGU ein elektromagnetisk målesonde, som heng under helikopteret. Sonden registrerer elektrisk motstand i bakken og lokale variasjonar i jordas magnetfelt. Det bidreg i den generelle geologiske kartlegginga.
Samtidig blir det samla inn informasjon om radioaktive element i bakken. Desse undersøkingane kan avdekkje moglege cesium-restar etter Tsjernobyl-ulykka i 1986. Naturlege bakgrunnsverdiar kan også gi ein peikepinn på radonnivået i busetnaden.
Målingane blir utførte av det innleigde helikopterselskapet Pegasus Helicopter AS frå Gardermoen saman med NGU.
Sjølve målingane går føre seg ved at helikopteret flyg i parallelle linjer med ei konstant høgd på 60-75 meter over bakken. Det blir ikkje gjorde målingar i dårleg vêr, som tåke, regn, snø eller sterk vind.
Data blir etter kvart ope tilgjengelege for alle i kartdatabasen på NGU sine nettsider.
NGU vil prøve å utføre målingane i nært samarbeid med lokalbefolkninga. Bestemde verneområde eller naturreservat blir ikkje ramma av flygingane. Dersom målingane strir mot annan aktivitet, ønskjer NGU å bli kontakta slik at mindre justeringar i måleopplegget kan gjerast.