Koronavirus

Siste nytt

Karantenehotell i Ålesund

Ålesund kommune har inngått avtale med Scandic Parken Hotell om å vere karantenehotell for dei flyreisande som kjem til Vigra frå utlandet, og som ikkje har ein godkjend plass å bu.Klikk for stort bilde 

Tilbodet vart etablert måndag 9. november. Kravet om opphald i karantenehotell for reisande frå utlandet, utan fast og egna bustad i Norge er gitt av Staten. Det er kommunane som organiserer tilbodet.

-Ålesund kommune er svært glade for at Scandic Parken Hotell i Ålesund kunne stille som karantenehotell. Dei har eit godt og sikkert opplegg for dette, seier beredskapssjef Albert E. Gjørtz. 

Slik er karantenereglane:

Enkelte har vore usikre på korleis karantenereglane er å forstå, kven som skal på karantenehotell og kven som kan gå i karantene i andre lokale. Det aller viktigaste er at alle skal i karantene i 10 dagar når dei kjem til Noreg. 

Dette er reglane:

  • Alle som kjem til Norge frå «raude land» må legge fram attest på at dei har blitt testa negativt på Covid 19. Testen skal ikkje vere over 72 timar gamal. Dei som ikkje har slik attest skal så raskt som mogleg returnerast frå landet. Denne kontrollen er det politiet som har ansvaret for.
  • Dei som kan gjennomføre karantenetida utanfor karantenehotell er:
    • personer som er busett i Norge eller er eigar av bustad i Norge.
    • har ein arbeidsgjevar  som sørger for egna opphaldsstad med einerom.
  • Dette betyr at alle som kjem til Norge for å besøke familie, kjærestar eller som turistar skal i karantenehotell i ti dagar.
  • Når reisande kjem inn til Norge, er det politiet som avgjer kven som skal på karantenehotell og kven som har anna godkjent stad for karantene. 
  • Dersom ein skal til Vigra, men reiser via Gardermoen, er det politiet på Gardermoen som stoppar den reisande. Då skal vedkomande vere på karantenehotell på Gardermoen i 10 dagar, før ein får reise vidare.
  • Kommunen tilbyr testing av dei som er på hotellet i karanteneperioden. Sjølv om ein testar negativt, skal ein gjennomføre heile perioda på ti dagar i karantene. Dersom nokon testar positivt skal ein i isolasjon. 
  • Dersom ein som er i karantene på karantenehotell testar positivt, skal isolasjonen vere på karantenehotellet.
  • Studentar som kjem heim frå studiar i utlandet, kan reise heim til sin folkeregisterregistrerte bustad i Noreg. Dei skal likevel gjennomføre 10 dagar  karantene utan nærkontakt med familiemedlemmer.

Kva er karantene?

Mange slit med å forstå kva karantene inneber. Vi skal ta dei viktigaste punkta. Er du i karantene skal du:

  • Opphalde deg på karantenehotellet, i eigen heim (om du har fått lov til det av politiet) eller på einerom arbeidsgjeraren di har teke ansvar for.
  • Ikkje gå på jobb eller skule/barnehage.
  • Ikkje gjere reiser.
  • Ikkje ta offentleg transport.
  • Ikkje oppsøke stadar der du ikkje kan halde nødvendig avstand til andre. Det er greit å gå tur utendørs med avstandskravet på ein meter er absolutt.
  • Ikkje oppsøk butikkar, kafeer o.l.
  • Ikkje ha besøk.

Det viktige er å hindre at smitte kan bre seg. Dersom nokon i karantene får symptom på covid-19 skal ei straks ta kontakt med kommunehelsetenesta.

Kven betaler dette?

- Dei som kjem reisande må sjølve dekke ein eigendel på hotell. For private har Staten sett den til 500 kroner per døgn per person.

For bedrifter som ikkje har eigna karanteneboliger vil det koste 1500 kroner per person per døgn. For Ålesund kommune er dette kostnadsfritt. Staten vil dekke dei kostnadane kommunen har med denne ordninga, seier Astrid Eidsvik.
 

Til toppen