Siste nytt

Jakta på EU-milliardane

Framtidslaben inviterer partnarar - og andre som ønsker å bli partnarar, til workshop 5. mars. Målet med workshopen er å betre forstå kva som er mogleg når det gjeld EU-midlar og andre regionale og nasjonale innovasjons- og forskingsmidlar.

EU forvaltar verdas største forskings- og innovasjonsfond på 1 000 milliardar kroner og framtidslaben ønsker å hente noko tilbake for å bygge ein smart og berekraftig region.

Framtidslaben inviterer difor til workshop 5. mars klokka 09.30 - 14.30 på framtidslaben på Campus, NMK.

Målet er at vi saman skal bli betre til å sjå kva som er mogleg når det gjeld EU-midlar og deira rammer. Vi skal også sjå på andre regionale og nasjonale innovasjons- og forskingsmidlar. Dagen skal også stimulere til prosjektarbeid innan område som treng utvikling og nye løysingar for ei berekraftig og smart framtid.

Framtidslaben håper på brei deltaking frå ulike fagområde og frå alle partnarane i laben.

Program

Framtidsnavigatør ved framtidslaben, Anne Lise Sagen Major, vil inneleie med korte input om deltakarane og dei moglegheitene de representerer.

Etter det, blir det workshop der du som deltakar er velkommen til å melde inn dine spørsmål og bidrag.

Det blir rom for å dele kunnskap og erfaring, stille spørsmål og lufte problemstillingar.

Forbered deg gjerne om du har konkrete idear å dele.

Siste del av workshopen ser vi på potensialet for å jobbe vidare med konkrete prosjektsøknadar.

Dagen blir tilrettelagt av leiar for innbyggartorga i Ålesund kommune, Hege Steinsland.

Påmelding

Meld deg på via dette skjemaet  til workshop torsdag 5. mars klokka 09.30 - 14.30 i framtidslaben på Campus, NMK. Workshopen er gratis.

Påmeldingsfrist er tirsdag 3. mars.

Arrangørar

Dagen er eit samarbeid mellom partnarane Møre og Romsdal fylkeskommune, NTNU i Ålesund, Høgskulen i Volda, nettverket NExTdigital, Forskningsrådet, Innovasjon Norge, ÅKP ( Ålesund kunnskapspark), Sintef og framtidslaben.

Til toppen