Koronavirus

Siste nytt

Ja eller nei til Tall Ships Race til Ålesund 

Skal Ålesund søke om å bli vertshamn for Tall Ships Races nok ein gong?  Formannskapet skal no diskutere saka i sitt neste møte. Kommunedirektøren meiner kommunen ikkje bør ta på seg eit slikt arrangement no.Klikk for stort bildeFra Tall Ships Races i 2001  

Ålesund var vertskap for The Tall Ships Racees i 2001 og 2015.  Rapportane frå arrangementa tyda på at dei vart svært vellukka. I samband med evalueringa vart det bestemt at Ålesund skal vurdere å søke om å vere vertshamn også seinare.

Saksdokument til formannskapet tysdag 24. november

No er tida komen for å vurdere dette, men kommunedirektøren er skeptisk. I si innstilling til formannskapet skriv kommunedirektøren at det er krevjande å gjennomføre The Tall Ships Races og det krev eit stykke arbeid å utarbeide ein søknad.

I den situasjonen kommunen er i no, både økonomisk og med stort trykk på administrasjon grunna kommunesamanslåing, korona og omstilling av drifta, så har ein avgrensa med ressursar. Kommunedirektøren vil med bakgrunn i dette, ikkje tilrå at ein prioriterer å arbeide med ein søknad som i neste runde kanskje ikkje blir noko av, skriv kommunedirektøren.  

Etablering av stranddeponi

Klikk for stort bilde  I samband med prosjektet «Renere fjord Ålesund» skal det gjerast eit omfattande arbeid med å rydde opp i forureina hamneområder i Aspevågen  I samband med oppryddinga har kommunedirektøren lagt fram følgande innstilling til kommunestyret: 

Ålesund kommunestyre vedtar å starte detaljprosjektering av eit strandkantdeponi tilknytt gassverkstomta ved Ysteneset. Kommunedirektøren får fullmakt til å forhandle med grunneigarar om etablering av eit strandkantdeponi som tilfredsstillar forureiningsmyndighetenes krav til etablering og etterbruk av området. Meir nøyaktige kostnadar for tiltaket vil vere klart etter at detaljprosjektering av tiltaka er gjennomført. Kommunedirektøren vil då legge ei ny sak fram til politisk behandling med kostnadane som må innarbeidast i framtidige budsjett og økonomiplanar.

No skal formannskapet si sitt i saka, før kommunestyret skal behandle saka. Kommunedirektøren meiner det er viktig å sikre framgang i prosjektet «Renere fjord Ålesund» for å følgje krav frå miljømyndigheitene, og for å sikre tilskot til prosjektet. 

For å få til dette må lokalisering av eit strandkantdeponi vurderast på nytt. Administrasjonen ønsker å detaljprosjektere eit lokalt strandkantdeponi tilknytt gassverkstomta ved Ysteneset. Målet er å fjerne forureining frå økosystema i Aspevågen og skape betre kår for alle artar som lev der. Ysteneset er eit godt alternativ for eit lokalt strandkantdeponi, meiner kommunedirektøren.

Kjøp av Heimevernet sitt anlegg på Ørskogfjellet

Forsvarsbygg er i ferd med å selje unna eigedomar også i Møre og Romsdal.  Ålesund kommune har meldt si interesse for å kjøpe eit areal på 336 mål på Ørskogfjellet. Kommunedirektøren innstiller på at kommunen bør kjøpe området. Prisen er på 400.000 kroner, og vert å dekke over posten for grunnerverv i investeringsbudsjettet for 2020.
Fristen for å melde si interesse var 12. november, men kommunen har fått utsett frist til 24. november. Området ligger like vest for «Fjellstova» på Nysætra. Kommunedirektøren meiner området har ein verdi som friområde.

68 flyktningar neste år

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har oppmoda Ålesund kommune om å busette 68 flyktningar i 2021. Talet inkluderer fire einsleg mindreårige, der to av plassane vert nytta til busetting av einsleg mindreårige under 15 å. To av plassane vert nytta til busetting av einsleg mindreårige over 15 år.

Kommunedirektøren har innstilt på at Ålesund kommunestyre vedtek at Ålesund kommune tek imot og busett totalt 68 flyktningar i 2021 i tråd med oppmodinga frå IMDI.

Gebyr for avfall og slam til behandling

Formannskapet skal òg komme med si innstilling til nye gebyr for hushaldsavfall og slam. Gebyra bygg på sjølvkostprinsippet. Det vil seie at kommunen sine kostnader med hushaldsavfall og slam, skal dekkast inn gjennom dei gebyra som abonnentane betaler.

For både hushaldsrenovasjon og slamtømming, er det usikkerheiter rundt kostnadsnivået for 2021. Vi nemner her mellom anna mogeleg innføring av CO2 – avgift for forbrenning av avfall og nye avtalar for slamtømming som må på plass. 

I forslaget til betalingsregulativ for hushaldsavfall og slam for 2021, blir prisane for eit standardabonnement for både hushaldsrenovasjon og slamtømming halde på same nivå som i 2020. 

Forslag: Standard abonnement 2021: 

  • Hushaldsrenovasjon 140 liter dunk: 3320,- eks mva/ 4150,- inkl. mva. 
  • Slamtømming 0 – 4 m3 annakvart år: 850,- eks mva/ 1062,50 inkl. mva.
Til toppen